Daily Archives: 6. september 2020

Tur til Hillingen sundag 13. september kl. 11.00

Tyske soldatar ved Hillingen etter kampane. Bildet er frå Bundesarchiv i Koblenz og tilhøyrer arkivet til Kristian Hosar. Foto: Ukjend

I år er det 80 år sidan landet vårt vart okkupert av ei brutal krigsmakt. Det er derfor naturleg å markere dette med ei vandring til eit krigsminnesmerke. Under føresetnad om opphaldsvêr arrangerer Fron historielag i samband med dette tur til Hillingen ovanfor Kvam sundag den 13. september. Her kom det til hektisk strid mellom norske soldatar og ei tysk kampgruppe den 26. april 1940. Mikal O. Mølmen frå Lesja, Torolv Weibye Bjørnsgaard frå Lillehammer og Harry Gether Rønning frå Oslo, gav liva sine her i kamp for fedrelandet. Vi møtast ved «Gammelbua» (kaféen) i Kvam kl. 11.00 og køyrer i følgje frå der. Vi oppfordrar folk til å samkøyre da det er begrensa med parkering der vi skal gå ifrå. Deretter køyrer vi oppover Veikledalen og svingar av mot Lauvåsfeltet, og køyrer så eit stykke innover. Frå parkeringsplassen tek det ca. ein time å gå til Hillingen. Der vil Halfdan Haanshus og Eivind Holen fortelje om kva som skjedde der i april 1940. Dei var aktive i Gudbrandsdal Forsvarsforening i mange år. Ta med mat, drikke og sitjeunderlag. Hugs gode sko! Vel møtt!

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Krig