Få ti øre så skal eg syngje ein sang for deg!

Fridtjof var ein original som kom godt ut av det med bygdefolket

fridtjof sørensen

Fridtjof Sørensen. (Foto frå Håkon Wangen)

ODDMAR MYRUM:  “I natt drøymde eg at eg fekk ei stor kake av deg!” “Da må eg hjelpe deg til å bli sanndrøymd”, sa bakaren og gav han ei stor kake. Kva for ein luring var nå dette? Fridtjof Sørensen var ofte å sjå langs Laugen. Han likte å fiske, og der trefte han også folk, så han fekk seg ein prat og kanskje litt tobakk. Fridtjof var ein original, men han kom godt ut av det med bygdefolket. Ein velkjend kar i Vinstra og Sødorp på 50-talet. Han døydde i 1962.

Til dagleg brukte han berre fornamnet Fridtjof. Foreldra hans var bakar Borger Mikal Sørensen og Theodore, fødd Eide. Dei gifta seg i 1889. Fridtjof var fødd i 1898 i Bakkelund i Nørdre Sødorp. Han hadde tre søsken, to jenter og ein gut. Fridtjof voks opp i Dorastugu som heimen hans vart kalla. Faren Borger flytte heimefrå etter få år, så Fridtjof vart farlaus og gjekk mykje åleine når mora var på arbeid. Søskena hadde han ikkje noko samband med.

17. mai på Vinstra 1954. Noen som ser Fridtjof Sørensen? (Foto: Vinstra auto)

17. mai på Vinstra 1954. Mannen med sixpencen er truleg Fridtjof Sørensen. T.h. for han er truleg Johan Hage. (Foto: Vinstra auto)

Til sjøs

16 år gamal reiste Fridtjof til sjøs. Han fekk sjå mykje av verda, og hadde opplevingar som vart minne for livet. Men han var uheldig: Han datt ned frå ei mast og fekk blant anna store hovudskadar. I to lange år låg han på sjukehus. Etter denne medfarten fekk han òg tale-vanskar som han sleit med resten av livet. Dessutan var han godt som blind i to år.

Han kjem heim att

Like før krigen kom Fridtjof heim og vart verande på Fron resten av livet. På denne tida fekk han tuberkulose som han sleit med i lang tid. Han vart arbeidsufør og livnærte seg med å tigge mat. Dei fyrste åra låg han i ein låve på Toksejordet, men sommarstid heldt han mykje til i telt. Ei ny tiggarrunde sette han i stand til å få seg opp ein liten huskåk i Moaskogen sør for Vinstra sentrum. Fleire gardbrukarar gav han materialar til husbygginga. Som takk til alle dei som hadde hjelpt han, fekk han arrangert mønkannefest. Han fekk låne lokale på Bøndernes hus, og folk hjelpte han med å få til tiltraktering. Pengar til eit par flasker brennevin greidde han også å samle inn! Til underhaldning spelte han sjølv på piano. Mange deltok i festen som vart eit minne både for Fridtjof og dei innbedne.

Dagleg liv

Fridtjof var musikalsk og likte å syngje. Han var stadig på farten rundt i Vinstraområdet, og mange vil nok hugse han når han kom ruslande med eine handa i jakkelomma og sa: «Få ti øre så skal eg syngje ein sang for deg». Det gjekk ofte i engelske sangar som han hadde lært da han var til sjøs. Han likte å få inn pengar på denne måten. Ei lita historie fortel kor utspekulert han var når han skulle tigge mat. Ein dag kom han til bakar Berg og sa til Olaf: «I natt drøymde eg at eg fekk ei stor kake av deg!» «Da må eg hjelpe deg til å bli sanndrøymd» , sa bakaren og gav han ei stor kake.

 

Posta første gong 2. desember 2013

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Menn

2 responses to “Få ti øre så skal eg syngje ein sang for deg!

  1. Hilde A.

    Fint å lesa, eg minnast han såvidt, eg var berre fire år den gongen og synast at han var litt skummel da eg og mor fòr forbi på spark på veg åt Lysåker for å kjøpe egg.

    Likar

  2. Johan Brænne

    Dette var en fin skildring fra gamle dager fra fron.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s