Spenning på årsmøtet?

Det er Ola O. Røssym som fortel dette i artikkelen «Eit historielag blir til» i den første årboka Fronsbygdin i 2003. Til årmøtet i 1953 – eit festmøte med foredrag – var det inngangspengar, kr 2,50. Laget ville ruste seg til sterkare drift. Det svara seg å leggje opp eit meir forseggjort program, for frammøtet var betre enn det brukte vera: 22 medlemer møtte.

På årsmøtet i 1955 møtte 16 medlemer, som drøfta spørsmålet om å få i stand ei utstilling av gamle ting frå Fronsbygdene. I 1956 hadde laget kr 6577, 05 i banken, og styret var så nøgd med det at dei ville setje ned årspengane med 50 øre til kr 3,00.

Årsmøtet i 1957 i kommunehuset Sør-Fron ga godt frammøte, og etterpå var det medlemsfest med prolog av Olaf Storløkken, foredrag ved Einar Hovdhaugen, underhaldning ved elevar frå folkehøgskulen og utstilling av gamle pryd- og bruksting frå Sør-Fron.

Men så gjekk det fire år til neste årsmøte i – i 1961 – enklare former, og berre 9 medlemer stilte opp. Dei vedtok å ta opp arbeidet med eit bygdatun for Fron. Så gjekk det fire år att. Da møtte 14 medlemer opp på Bøndenes Hus.

Årsmøtet 1966 påla styret å arbeide for å få til ein fellestur til Glåmdalsmuseet. Tre privatbilar med 13 reiselystne dro avgarde.

aharsmote
Anders Hage ønskjer velkomen til sitt siste årsmøte som leiar for Fron historielag i 2017 på Dale-Gudbrands gard. Foto. Carl Henrik Grøndahl

. april 1970 hadde laget årsmøte på Borg, heimen til Olav Aasmundstad, og vedtok å reise bauta over presten Hiorthøy ved Sødorp kapell. Den vart avduka 23. august same året.

I 1976 tok styret opp spørmålet om å gje ut eit bygdahistorisk hefte etter mønster frå Ringebu og Heimgrenda. Men fleire var redde for at det kunne skade Årbok for Gudbrandsdalen dersom for mange av historielaga i bygdene ga ut sine eigne hefte. Derimot var det semje om å få skivi ei bygdabok, lokalhistorie for Fron. Det skulle altså ta 27 år før første utgåva av årboka Fronsbygdin kom.

I 1978 var Fron historielag 50 år, og jubileumsfesten vart halden 23. september. Ragnhild Kjorstad skreiv prolog, Sigurd Haraldseid held festtala og det var dans utover seinkvelden og vel så det.

Årsmøtet 2017 på Folkets Hus, Harpefoss: Knut Ulberg, Anders Nustad og Kåre Tveit får blomster av leiaren i Fron historielag, Ellen Steberg. Sekretær Eivind Holen til venstre.

På årsmøtet i 1981 på Sulheim orienterte Ragnar Øvrelid om opplegget for bydeboka han arbeidde med. Han ville leggje stor vekt på kvardagen for vanleg folk.

fh4
Årsmøtet 2019 på Dale-Gudbrand: Leiar i valnemda, Anders Haugen, med framlegg om nye inn i styre og stell i laget

år seinare kom årsmøtet med ønske om markvandring gjennom Vinstra sentrum, serleg med tanke på dei mange innflyttarane som sikkert ville like å få veta meir. Medlemstalet held seg rundt 350. Laget hadde eit underskot på kr 8940.

Ragnhild Bleken Rusten heldt foredrag om gamle tekstilar på årsmøtet 15. april 1988. Ho var den siste som hadde reelle førestellingar om overgangen til kjøpeklede-produksjon, der vi kan greie oss utan sauen.

IMG_4616
Årsmøte på Sinclair 2018

1994 på Vinstra Hotell hadde 27 frammøtte, året etter 30 frammøtte, i 1999 på Amundsens Gjestgiveri 32, i 2000 på Hundorp 16 frammøtte. Årsmøtet 2001 i Gammelbanken hadde 38 frammøtte, og møteboka fortel som vanleg om eit fredeleg årsmøte. Størst spenning ser det ut til å ha vore knytt til spørsmålet om markdag eller dagstur.

Denne heimesida til historielaget vart til i 2013, og i 2014 kom det for første gong kom referat frå årsmøte på nettet: «Så mange som 55 møtte fram på årsmøtet på Sygard Grytting.»

Dette biletet har tom alt-eigenskap. Filnamnet er formannen.jpg

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s