Monthly Archives: september 2020

I over tjugu år foruta skilt og sertifikat

Et møte med byggmester Gunnar Johansen, Harpefoss

Johansen 1

Gunnar Johansen: Skaff meg det, sa Hasselblad. Foto: Tobben

KARI BAY HAUGEN: I telefonkatalogen står det: Gunnar Johansen, byggmester, Harpefoss. -Har De det travelt?
-Gud bevare de gut… men e ha da stunne te å slå tå en prat. Reis over brua ved Fossa, ta nordover te ru kjem te ei sag og ei tømmerhytte  — Velkomi! Les meir

5 kommentarar

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Menn, Verksemder

De innfødte reagerer ikke

Litt om gjestgivargardar i Fron

Ein engelskmann som likte seg i Fron

RAGNAR ØVRELID: Folket i Fron har alltid merka at hovudvegen frå Oslo til Trondheim gikk gjennom dalen. Dette førte mellom anna til skyssplikt for bøndene, og at gjestgiveria kom. I 1640-åra, da skyss-stellet vart ordna, kom det til faste, priviligerte gjestgivarar langs hovudvegane. Her i dalen var det gjerne ei mil mellom kvart skyss-skifte og kvart gjestgiveri. Frå slutten av 1600-talet kjenner vi til at det var gjestgivarar på Brandrud, på Litlgard i Sødorp og på Forbrigd i Kvam. Bøndene dreiv desse gjestgiveria. Sidan skifta desse gjestgivergardane i Fron ein del. I sør overtok Hundorp frå 1661, frå ikring 1700 Listad, til Oden vart gjestgivargard ikring 1730. Oden hadde dette privilegiet til ca 1860, da gjestgiveriet og skyss-stasjonen igjen vart flytt til Listad

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Menn

Tenestejentene sov mellom båsrekkene

Og tenestegutane løp fra gard til gard på jentejakt

Lørdagsfrieri i ordna former. Måleri av C. F. Sundt-Hansen.

RAGNAR ØVRELID: Skikken frå gammalt i Fron var at tenarane låg i fjøset. Sokneprest Schiøth meiner i 1743 at det er ein skammeleg skikk som få hedenske land ville tåle at bøndene lar såvel «drenge som piger» ligge i fjøset. Dette fører til «stort lettferdighet», skriv presten, jentene og gutane er knapt 15-16 år før dei ligg saman. Om nettene er fjøsa ofte fulle av tenestegutar som løper fra en gard til den neste etter pikene. Det same skjer på setrane, «hvor de om natten har leilighed til at ligge med hinanden.»

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk

Mari måtte i gapestokken

Ho gjekk frå tenesta på ein gard i Kvam

Slik var det å stå i gapestokk.
Skjemt ut for livet i bygda. Bilde frå Alkunne.no

RAGNAR ØVRELID: I det gamle samfunnet var det vanleg at barn og ungdom måtte ut å tene. Storparten av tenarane var rekrutterte frå husmansstanden. Husmennene hadde ikkje råd til å ha barna sine heime. Når ein tok seg teneste, var det i regelen på eitt år, frå 14. april til 14. april. Det var straffbart å forlate tenesta si før det avtalte året – eller halvåret – var ute. Ei lov frå 1754 sa klart frå om det. Vi har ei sak frå Kvam, som viser korleis det kunne gå med ei jente som forlet tenesta si.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kvinner

Flott tur til Hillingen

Ole Chr. Risdal: Praktfullt haustvér, triveleg sosialt samvær og verdigheit danna ramma rundt den flotte turen til Hillingen i går. Trass dette var vi berre 12-13 markvandrarar som fekk oppleve dette. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Krig

Når kom det glas og peis på setrene?

Ivar Kleiven fortel om ljorhus som forsvann og kokhus som kom

seterreise

Ragnvald Einbu: Seterreise. på Dale-Gudbrands gard

IVAR KLEIVEN: Noko arbeid på veg til setrene var det ikkje tale om i gamal tid. Det vart bygd klopper over tverråe og store bekkjer og fella over gorrblaute myrstrype og dipille. Elles har kløvvegane til setrene gjort seg sjølv med fottrakket av hest, fe og folk. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kommunikasjon, Setring

Damer må ha med 1/2 flaske kognac

Gode råd fra 1893

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Sterke historier på årsmøtet!

I underkant av 30 personar møtte opp på årsmøtet torsdag kveld. Etter gjennomgang av årsmeldinga og rekneskapen, der ein kunne konstatere at laget er aktivt og har god  økonomi, kom Arild Teigen og heldt eit sterkt og solid foredrag om falne dølar under den 2. verdskrigen. Vi kjem attende med meir info frå årsmøtet.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Kvamværen har båe føtene planta i lausmasser

Flom i Kvam gjennom tidene

Bli medlem av Fron historielag og kom på årsmøtet onsdag 9. september kl 19 på Sødorp Gjestgivergard. Du kjem i godt selskap, for hit kjem òg historikaren Arild Teigen og fortel frå boka si Falne døler 1940-45. Han kan fortelje meir, og det kan du lese på denne heimesida. Kvam og flom har liksom høyrt i hop gjennom tidene, og det veit Arild Teigen mykje om:

ARILD TEIGEN:  “All historie er samtidshistorie” var det ein klok kar som sa. Det fekk eg prov på, kvelden den 22. mai, 2013. Ved åttetida banka det på utgangsdøra vår, på Øvermofeltet, midt i Kvam sentrum. På dørhella stod to ukjente karar frå Raude Kross. Beskjeden var grei: “Kom døkk onda, nå kjem åa!Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kommunikasjon

Tur til Hillingen sundag 13. september kl. 11.00

Tyske soldatar ved Hillingen etter kampane. Bildet er frå Bundesarchiv i Koblenz og tilhøyrer arkivet til Kristian Hosar. Foto: Ukjend

I år er det 80 år sidan landet vårt vart okkupert av ei brutal krigsmakt. Det er derfor naturleg å markere dette med ei vandring til eit krigsminnesmerke. Under føresetnad om opphaldsvêr arrangerer Fron historielag i samband med dette tur til Hillingen ovanfor Kvam sundag den 13. september. Her kom det til hektisk strid mellom norske soldatar og ei tysk kampgruppe den 26. april 1940. Mikal O. Mølmen frå Lesja, Torolv Weibye Bjørnsgaard frå Lillehammer og Harry Gether Rønning frå Oslo, gav liva sine her i kamp for fedrelandet. Vi møtast ved «Gammelbua» (kaféen) i Kvam kl. 11.00 og køyrer i følgje frå der. Vi oppfordrar folk til å samkøyre da det er begrensa med parkering der vi skal gå ifrå. Deretter køyrer vi oppover Veikledalen og svingar av mot Lauvåsfeltet, og køyrer så eit stykke innover. Frå parkeringsplassen tek det ca. ein time å gå til Hillingen. Der vil Halfdan Haanshus og Eivind Holen fortelje om kva som skjedde der i april 1940. Dei var aktive i Gudbrandsdal Forsvarsforening i mange år. Ta med mat, drikke og sitjeunderlag. Hugs gode sko! Vel møtt!

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Krig