Daily Archives: 30. august 2020

Efter døden en sømmelig begravelse

Arild Teigen fortel særs interessant kulturhistorie

Utanfor det gamle bedehuset i Kvam. Bilde frå Kvam Historiske Forening

Utanfor det gamle bedehuset i Kvam i mellomkrigstida. Foto: Kvam Historiske Forening

Historielaget inviterer til årsmøte onsdag 9. september kl 19 på Sødorp Gjestgivergard. Hit kjem òg historikaren Arild Teigen og fortel frå boka si Falne døler 1940-45. Han kan fortelje historier. Fleire døme på det finst på denne heimesida. Her kan du lese om gravferder. Dersom seremonien ikkje var godt planlagt og gjekk etter eit forventa mønster, ville det sjølsagt vera ei stor skam for dei etterlatte. I tillegg ville og minnet til den avdøde bli sverta.

ARILD TEIGEN:  Gamlefolka Tor og Mari Slåen sto på tur til å gje garden til sonen Thorvald, og det vart sett opp ei avtale som skulle regulere tilhøvet mellom dei to generasjonane i åra framover. I tillegg til husrom for dei to gamle, for til to kyr og to sauer, 450 kg godt byggkorn, 20 kg godt flesk,  ½ mål potetland og opphugget ved måtte Thorvald sjå til at dei gamle fekk ei skikkeleg gravferd når den tida kom.

Les meir

Éin kommentar

Filed under Folketru