Årsmøte i historielaget onsdag 9. september
Styret i Fron historielag inviterer til korona-forseinka årsmøte på Sødorp Gjestivargard onsdag 9. september kl 19. I tillegg til mykje anna godt kjem Arild Teigen og fortel frå boka si Falne døler 1940-45.

Så nå er det på tide å melde seg inn i Fron historielag! Eller hugse å betale medlemskap for 2020, om du har gløymt det. Kr 200 til konto 2095 32 92735 Fron historielag, 2640 Vinstra. Oppgje epost-adresse. Da er du med på viktig frivillig arbeid for kommande generasjonar. Du tar vare på tradisjonane, du er med på å skape vitalitet i Fron,
og det styrkar sjølvkjensla. Og du kan altså bli med på årsmøtet, ein triveleg kveld med vanlege årsmøtesaker, biteti og Arild Teigen. Har du ei sak du ønskjer å ta opp på årsmøtet, må styret ha ho skriftleg innan 31. august.
Styret ønskjer nye og gamle medlemmer vel møtt.

Styret i historielaget 1019-2020: Frå venstre: Eivind Holen sekretær, Nina Berge Rudi bokansvarleg, Marit Haakenstad styremedlem, Egil Myhre nestleiar, Gunnar Lien styremedlem, Ole Christian Risdal leiar, Åge Hagestuen kasserar. Ragnhild Wadahl var ikkje til stades.