Daily Archives: 21. august 2020

Fron historielag slo bergensarane

I 1994 fekk NRK Radio i stand ei kunnskapstevling for mimreglade, der historielag og andre samanslutningar av landsmenn med meiningar om kva som hende i tida 1900-1990 kunne delta. Fron historielag kasta seg på med slik lagoppstilling: Ellen Larsen, Ola O. Røssum og Arvid Ødegard. På reservebenken: Mildrid Tagestad og Hans Grytting.

Tevlinga var lagt opp slik at det fyrst skulle kårast ein Opplandsvinnar. Åtte lag skulle møtast i sju runder, som i ein cup. Tevlinga i Oppland vart avslutta med ein fylkesfinale. Fron historielag vann. Og gjekk dermed vidare til landstevlinga.

Det gjekk ikkje betre enn at laget frå Fron gjekk til finalen og møtte Journalistenes pensjonistlag i Bergen til den endelege sluttkampen. Finalen gjekk 19. august med opptak i NRK Hordaland og NRK Oppland.

Fron historielag vann. Premiane var ei valfri reise for kroner 8000 til kvar deltakar.

Frå «Eit historielag blir til» i Fronsbygdin 2003.

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon, Kunst og handverk