Ei lita forteljing om dei kongelege i Sikkilsdalen
KRISTIAN HOSAR: I 1924 vart kronprins Olav myndig, og han fekk hytta i Sikkilsdalen i gåve av dei svenske prinsane. «En stor overraskelse for meg. Jeg ble virkelig svært glad,» sa han. Det går mange forteljingar om det fyrste besøket kronprins Olav hadde på hytta. Denne versjonen har eg frå den legendariske verten på Kampesæter i Skåbu, Ola T. Kampesæter, eller O.T. som han vart kalla:
Hausten 1924 kom det melding frå slottet om at kronprinsen ønskte å sjå nærare på hytta han hadde fått, og det vart spørsmål om skyss frå Vinstra. O.T. hadde nettoppp kjøpt ein ny Harley Davidson Big, eit verkeleg vidunder etter datida. Han og fire karar til med syklar møtte på Vinstra stasjon for å kjøre kronprinsen, adjutanten og nokre vener innover. Sigurd Sande, «Majoren», skyssa kronprinsen.
Kronprins Olav hadde sin eigen Harley Davidson, men litt meir smålåten
Sigurd hadde i si tid begynt på underoffiserskulen og hadde heile livet ei sterk interesse for og respekt for forsvaret og offiserane, derfor fekk han namnet «Majoren». Han budde i Sikkilsdalen året rundt og måtte ha fyrsteretten til å kjøre kronprinsen. Adjutanten sat i sidevogna hos meg. Kronprinsen var interessert i den nye sykkelen min. Da vi kom fram, spurte han om å få starte Harley´n. Da han fekk motoren i gang, lo kronprinsen godt. Den gode latteren vi kjente så godt frå seinare år.
Les om da Kronprins Olav og Theodor Pettersen fekk problem i Kongslibakkane
Den fyrste påska til Olav i Sikkilsdalen var i 1925. Alt da gjekk han på alle toppane som er synlege frå Prinsehytta på båe sider av dalen. «Jeg var forholdvis sprek den gangen», kommenterte han til Arvid Møller.

I 1946, første gang etter krigen. Det kongelige følget forlater nattoget på Vinstra stasjon for å spasere til frokost på Amundsens gjestgiveri. T.v ordfører Albert Kvammen. Ukjent fotograf.
Prinsehytta vart bygd som ei gåve frå norske vener til den seinare kong Gustaf Adolf frå 1900 til 1902 med åtte soverom. Men etter 1905 syntest ikkje svenskane at dei kunne reise dit meir, og hytta stod stort sett ubrukt til 1924. Kong Olav fortalte til Arvid Møller at svenskeprinsane «etterlot seg en god del små unionsflagg. Etter hvert ble de kastet. Men ett tok vi vare på, som en slags historisk dokumentasjon.»

Sikkilsdalen og Sikkilsdalsseter sett frå Sikkilsdalshorn Fot0:LMD
Kongefamilien var i Sikkilsdalen så å seie kvar einaste påske og mange somrar. Dronnning Maud var aldri med. Men kong Olav uttale at ho nok ville funne seg til rette der, for ho vart etter kvart glad i å gå på ski. Om våren ville ho heller besøke slektninganen i sitt kjære Egland. Kong Haakon likte ikkje å vere åleine på slottet og var derfor med til Prinsehytta så lenge han var frisk.
Han hadde ei høg stjerne i Sikkilsdalen. På gravferdsdagen i 1957 let elgjegarane vere å skyte. Det skulle vere stille når folkekongen vart førd til den siste kvilestaden.
Kronprinsesse Märtha var med fyrste gong i 1929 og gledde seg til nye turar kvar einaste påske.
Hun ble begeistret for Sikkilsdalen fra første stund. Hun likte så godt å gå på ski. Jeg kan trygt i at påskene i Sikkilsdalen tapte seg i verdi da hun ikke lenger var blant oss,
sa kong Olav.
Tyskarane skaut på prinsehytta.
Gjennom åra vart det eit nært forhold mellom Sandefolket i Sikkilsdalen og kongefamilien. Gamlevertinnene Hanna og Marit Sande vart inviterte til slottet, og kronprins Olav kjørte dei sjølv ut til Skaugum. Da dei to søstrene døydde, heldt Olav minnetale etter andakta på Sikkilsdalsseter påskekvelden. Både da «Majoren» og Sigvald Sande, verten på Sikkilsdalseter, døydde, sende kong Olav krans med kvit sløyfe.

Kong Haakon, kronprins Olav og prins Harald ved Prinsehytta i 1950. Foto: Jan Stage NTB/Det kongelige hoffs fotoarkiv.
Dei fyrste åra overnatta dei kongelege ofte på Kampesæter etter ein lang reisedag frå Oslo. Dagen etter vart utstyret frakta vidare med hest og slede. Enkelte i følgjet sat på sleden, men dei fleste gjekk. Kong Olav var på Prinsehytta i om lag 40 påsker.
Også dronning Margrethe av Danmark har vori i Sikkilsdalen i påska. Ho og følgjet hennar kom på ski frå Storhøliseter. Vêret var ufyseleg, og dronninga og dei andre var søkkvåte da dei nådde Prinsehytta.
Redigert utdrag frå artikkelen «Kongebesøk i Fron gjennom 1000 år» i Fronsbygdin 2006, publisert her første gong 8.2.2016