Interessant markvandring i Ruste

Lodver Bryhn (til venstre) og Anders Haugen har i fleire år arrangert Bli kjent i Ruste. Her står dei midt på «Kjørkjelésletta» og orienterer om sundstaden nedanfor Båtberget. Foto: Birgit Haugen.

Ole Chr. Risdal: Det blei ei triveleg og interessant vandring i Ruste førre torsdag. Bortimot 40 personar møtte opp i finvéret da Lodver Bryhn og Anders Haugen nok ein gong arrangerte Bli kjent i Ruste. Denne gongen tok dei for seg Skinne, Skinnehaugen, Tarud, Flata, Båtberget og Piparstugu.

Jorun Krukhoug Kilvær fortel om forpaktarane på Skinne. Det er ho som er eigar i dag. Foto: Birgit Haugen.

Turen starta ved Haugamo der Anders Haugen fortalde om Skinne. Han kunne fortelje at garden heitte Gjertsløkken i gamle dagar og at ein kan spore folket der heilt attende til 1600-talet. Skinne er også einaste garden i Ruste som har vore bortforpakta sidan 1932. Dagens eigar, Jorun Krukhoug Kilvær, hadde teke turen frå Lillehammer for å vere med på turen. Ho kunne óg fortelje mykje interessant om Skinne i denne perioden.

Så gjekk gjekk turen vidare nedover til Skinnehaugen. Her fortalde Lodver Bryhn at dette var husmannsbruk under Skinne. Skinne hadde to husmannsbruk., Båtberget var det andre. Lodver kunne også fortelje at det i år er 200 år sidan fyrste ungen vart født på Skinnehaugen. Ho heitte Marit.

Lodver Bryhn fortel om bruket Flata. Foto: Birgit Haugen.

Etterpå gjekk turen til Flata. Dette var eit lite bruk under Rusthage. Det var ikkje kome folk der i 1801, og bruket vart folkelaust etter 1910. I dag er det berre murar som vitnar om at det ein gong i tida har budd folk her.

Vegen frå Haugamo til Båtberget kallast kyrkjevegen av di folket synst i Ruste gjekk der når dei skulle til kyrkja i Sødorp. Gardskyrkja på Bø var til nedfalls på slutten av 1500-talet, og folket måtte derfor ta seg over til Brandvoldskyrkja i Sødorp. Sundstaden var ved Båtberget. Her budde det nok fast fergemann allereie frå 1600-talet. Nedved Laugen er det ein del berg, og derfor vart det naturleg å kalle bruket for Båtberget.

Tarud var opprinneleg husmannsbruk under Rusthage. Den fyrste ein finn her er Poul H. Tarud f. 1750. Her fortalde Lodver også om ein Hans Tarud som var både omgangsskulelærar og den fyrste som vart tilsett da Ruste fekk fastskule i 1863. Ved sidan av lærargjerninga var han både organist og klokkar. Han starta det fyrste songkoret i Fron, og han skal ha lært opp fleire organistar i Fron. Eigaren i dag heiter også Hans.

Til slutt var dei innom Piparstugu. Her budde det folk i 1801. Etter at den siste av det gamle folket der døydde i 1911, var det folkelaust til Ragnvald Tarud kom dit i 1949. Namnet kjem truleg av at det budde ein pipar der. Ein pipar var ein som spelte fløyte i militæret, både for rein underhaldning og for å gje kommandoar.

Nina Aasen spanderte kringle på alle som var med på markvandringa! Utruleg flott gest! Foto: Birgit Haugen.

Lodver og Anna Bryhn inviterte alle heim til seg etter vandringa. Ei flott avslutning på ein interessant kveld. Foto: Birgit Haugen.

Etter at den historiske vandringa var over, inviterte Lodver og Anna alle til sosialt samvær heime på Skogly. Naboen på Skinnehaugen, Nina Aasen, hadde baka ei kjempestor kringle som alle kunne kose seg med utover kvelden. Her vart det mykje god prat og alle var einige om at dette hadde vore ein givande og interessant kveld.

Seinare vil det bli lagt ut ein meir detaljert artikkel vedrørande denne turen.

2 kommentarar

Filed under Informasjon

2 responses to “Interessant markvandring i Ruste

  1. Kven har skrive dette?

Legg att svar til CHG Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s