Liv Snøfrid Skaare tok vare på prestegarden på Vinstra

Bryllup i prestegarden i Nord-Fron tidleg på 1900-talet (Bilde frå Rønnaug Hvattum/Vegar Skar)
Liv Snøfrid Skaare, født 26. 9. 1939 døde 18. juli 2020. På minnesida ligg det ho fortalde om å vekse opp på ein prestegard:
SNØFRID SKAARE: Som prestedotter har eg budd på to prestegardar, og det noko spesielt ved å leva barneåra sine på ein prestegard. Prestegarden tente før som eit slag herberge for reisande gjennom bygdene. Det var mange stader vanskeleg å finne overnattingsstader, og i prestegarden var det som regel god plass. Som barn var eg måteleg fornøgd med desse gjestene. Dei var ofte alvorlege menn som heilt oversåg oss barna. Det einaste fine var den gode maten som kom på bordet når det var besøk. Men for husmora var det heller slitsamt. Husa skulle varmast opp, her gjekk det mykje ved. På Dovre fraus vatnet kvar vinter. Klesvasken vart eit slit, bera vatn, varme opp og så skylje i bekken nedanfor. På slike dagar var det vakre bildet med teservering for sommarkledde gjester langt borte! Les meir →