Han sette plastbøtta bortpå omn

Rærin – ein ekte bygdeoriginal

Anton H. Reiret

Anton H. Reiret (1881-1964)

OLE CHRISTIAN RISDAL:  Presten Kyrre Bremer var flink til å vitje Anton. Ein gong han var innom, fekk han sjå at det hang bilete av nokre nakne damer over senga hans Anton. – Du har så fine damer over senga di, kommenterte presten. – Ja, men de e sjælda døm e ni sængen, svara han Anton. Anton Reiret var kanskje den største og mest kjende bygdeoriginalen i Skåbu. Her kan du lese om slekta hans, liv og virke og sjølvsagt ein del gode historier. Her kan du også høyre at Torger T. Risdal fortel om bygdeoriginalar i Skåbu.

Heimplassen

I 1668 har Veslum seter ved Kampesetra, der det vart avla to lass høy. I 1723 har avlinga auka til fire lass. Seinare vart denne setra nedlagt, og Veslum fekk seter på Reiret. Når Reiret vart bygt er noko uvisst. Truleg var det ikkje før på slutten av 1700-talet, etter at Veslum var delt. Under Søre Veslum finn ein i matrikkelen for 1866 dette: ”Til gården hører en husmannsplass med 3 ½ mål ager, og 4 ½ mål dyrket eng, og 17 mål udyrket mark”. Namnet på plassen er ikkje nemnt, men at det er Reiret er det ingen tvil om. Den er da ikkje nytta som seter lenger, men har vore husmannsplass i fleire år.

 Den fyrste husmannen på Reiret var truleg Iver Persen Solhjem frå Bredebygden. Kona hans var Berit Iversdtr. Hysjulien. Ho døydde 22 år gamal, og sonen Per vart oppfostra på Hysjulien. Som vaksen var han brukar i Kappelslåen. Iver Solhjem flytta frå Reiret att. Han er da gift att med Kari Johannesdtr. Vaterland. Dei hadde tre born. I 1870 reiste heile denne huslyden til Amerika. Iver er da 67 år, Kari 65, sonen Johannes 33, og dottera Berit 30 år.

Erland Østensen Sandbakken budde óg ei tid på Reiret. I 1885 finn ein Ola Østensen Buom der. Han kom seinare til Jegersletten, der kona, Kari Hansdotter, var kome frå.

Nokre år seinare kom Hans Olsen Hognehaugen (Kvikne) 1841-1904 til Reiret. Foreldra hans var Ole Pedersen Sæteren og Anne Hognesdotter Haugen. Han hadde budd i hop med mora på Sagboden, ein nedlagt heim ved Skåbyggja. (Arvid Lagestuen bur der i dag).  Hans var gift med Anne Olsdotter f. 1841-1925, dotter av Ole Andersen Kroksletten og Beret Halvorsdotter Taarudmoen.  Dei tok namnet Reiret. Men i folketeljinga for 1875 bur dei i Buom (ein heim som låg på austsida av Olstappen, også kalla Eldbjørgsbuin) og har desse borna: Anne f. 1866, Berte 1869, Ole 1872 og Marit 1874. Systera til Anne, Berte f. 1850, bur også der og er nemnt som tenestejente. Seinare fekk Hans og Anne to søner til, Anton i 1881 og Hans i 1885. I folketeljinga for 1900 finn ein dei på Reiret og både Hans og Anton arbeider som tømmerhuggarar. Dotterdottera Maria Erlandsdotter f. 1887 bur også saman med dei. Ho var dottera til Anne og Erland P. Lien. Ho er nemnt som pleiedotter. I 1905 reiser Ole til Amerika og i 1907 syner utvandringsprotokollen at Ole Reiret også reiste over ”dammen”, saman med kona Petra (Åbakken) og borna Anna og Guri. 

Flink arbeidskar

Smått var det nok for dei mange gonger, men Hans var ein flink og truverdig arbeidskar. Var det gode rypeår dreiv han mykje med snuruveiding om vintrane. Om somrane var fisket på Olstappen til god hjelp. Når det såg som mørkast ut, hendte det at han kom på butikken hos Heide, stur og nedfor. Der skjønte dei snart kva som vanta honom, og etter å ha vore på kjøkenet og fått eit måltid mat, kom han seg såpass at dei fekk høyre ærendet hans. Det var om han kunne få ein del varer på borg, så lenge. Når ja-ordet til dette var gitt, var det eit syn å sjå han Hans. Andletet lyste opp som ei sol, og han vart med eitt pratsam. Når han da glad, mett og fornøgd hadde fått varene i ryggsekken, var avskilsorda som regel desse: ”Når lokke går tå storfiskebyttun, ska de nok bli e’ rå med betalingen”. Fiskebytta var Olstappen det, og lokket var isen. Ei råd vart det óg jamnan.

Ball på Reiret

Ho Anne var til vanleg kvikk og lettliva, men det hendte at ho var plaga av hypokondri eller innbillingssjuke. Ein gong la ho seg låk, og meinte at ho ikkje hadde så lenge att. Dei laut derfor skikke bod på doktoren. Men det var ikkje så snøgt å få tak i doktor den gongen. I mellomtida gløymde ho sjukdommen sin, og så fekk nokre ungdommar lov til å lage ein dansefest på Reiret. Dei fekk tak i sjølvaste ”Iverstuguin”. Da vart det ball og medan  dansen gjekk som best huska golvet slik at komfyren rista, men ikkje verre enn at ho Anne tusla med kaffikjelen der, og selde kaffi til dei som ynskte det. I ein binge bak peisen stod to horngeiter som var svoltne, og dei tok til å skrike så sårt etter mat. Ho Anne gjekk da ut etter to lauvkjerv som ho kasta inn til dei og sa: ”Jaggu ska døkk få så døkk ligg utur att læill”.

            Utpå seinkvelden gjekk døra opp, og ein stor pelskledd gubbe steig inn på golvet. Dansen stoppa og karen såg seg om i stova, og så sa han: ”Hvor er den syke?” Men ho Anne dreiv og skjenkte kaffi, og hadde nok heilt gløymt at ho hadde bruk for nokon doktor. Han var nok ikkje riktig blid, doktoren, iallfall ikkje til å byrje med, men etter å ha fått ein gloheit kaffikopp å styrke seg på, såg han nok det humoristiske i situasjonen. Ja, det har enda vore sagt at han tok seg ein svingom med ”pasienten” før han drog.

Meir om slekta

Nokre av borna til Anne og Hans drog som nemnt til Amerika, men tre vart att i bygda i tillegg til Anton. Det var Ane 1866, gm Amund Haugen. Dei kjøpte Brennhaugslåa. Så var det Berte f. 1878, gm Johannes Rønningen frå Ringebu. Som nygifte budde også dei på Reiret. Seinare bygde dei på Løvli og vart buande der. I teljinga for 1900 finn ein også at Hans O. Maurstad f. 1866 bur på Reiret. Han er nemnt som inderst og skulle gifte seg med dottera Marit f. 1874, men ho døydde i barsel i 1901. Dottera Hanna voks opp og fekk dottera Astrid (1938-2011) med Matias Hamrom 1893-1959. Dei kjøpte seg tomt i 1948 og bygde seg ein heim, Furulund (Austheim), like ved huset til ”Rærin” på Slangen. Frå før hadde Hanna sonen Matias  (1922-2004). Han tok namnet Furulund  og flytta til Dovre. Hanna og Anton var naturleg nok mykje saman og Anton fekk mykje hjelp av niesa. Ho vart enkje i 1959 og flytta etter kvart til Astrid som hadde gifta seg med Per Bergseth i Brumunddal. Ho døydde i 1982, medan Astrid gjekk bort i 2011. Hans Maurstad finn ein att i utvandringslista for 1906. Men han var tydelegvis ikkje så lenge i Amerika, for ein finn han att i Maurstad i 1910. Han døydde av tæring i 1913.

 Til Slangen

Hans døydde av tæring i 1904 og Anne, sonen Anton og dotterdottera Hanna flytta da frå Reiret. I folketeljinga for 1910 finn ein dei på garden Kappelslåen. Her står det at ho er enkje og blir forsørgt av sonen, og at dei held til i bryggjarhuset. Anton er nemnt som gardsarbeidar.

Etter dette kom Torger Nebben til Reiret, og han skulle bli den siste husmannen på bruket. Men etter nokre få år overtok han Nebben etter faren, i 1915 eller -16.

Seinare kom Anne, Anton og Hanna til Slangen, der dei til å byrje med budde i ei gamal fiskebu. Etter kvart fekk dei kjøpt ei tomt med noko jord attåt, like ved Slangen seter. Her fekk dei bygt både hus og fjøs, og med ku på båsen kunne dei halde seg med både mjølk og kjøtt. Det var mykje skogskøyring i den tida, og etter isen på Slangen var det stor trafikk om vintrane. Det høvde da godt å ta ein kvil hos Reiret-folket. Ein kopp kaffi kosta da ti øre. For dei som veks opp i dag, høyrest dette heilt meiningslaust ut, men ein må hugse på at det var reint andre tider den gongen. Det hendte at han Anton kunne vere riktig heldig med børsa. Ein vinter skaut han så mykje rev at han fekk eit oppgjer på 1500 kr. Det var sagt at ei kunne få like mykje for eit revskinn som for ei ku. Truleg var dette under den 1. verdskrigen, da revskinna stod høgt i kurs. Glad og oppøst kom han heim til mora med pengane, slengde dei på bordet og sa: ”Kast ut rokken mor, du behøve itte slite længer, når e’ har børsa ska de bli rædning for oss båe tu”.

Desse tre budde saman heilt til Anne døydde og Hanna flytta i hop med Matias Hamrom. Stova deira låg tett inntil låven og fjøset på Slangen Seter. Der dreiv dei med turisttrafikk den gongen også, og det var sjeldan fred å få. Tenestejentene som jobba på Slangen budde i eit rom oppe på låven, og der var det ofte fest og leven om nettene. Den gongen var det ofte grammofonen som sørgde for dansemusikken, og det er fortalt om ein gong Anton var skikkeleg forarga. I berre underbuksa kom han ut og ropte opp til jentene: – Bli de itte snart stilt nå, så kjæm e’ te’ å slå sonn denna grammafanfonfilla! Etter dette vart Anton erta for å ha floge etter jentene.

Etter at Anton hadde budd aleine ei stund, vart han lei dette ståket og fann ut at han ville flytte huset sitt lenger bortpå lykkja si. Seinare testamenterte han til Matias Furulund, som reiv den gamle stova og sette seg opp hytte på tomta. 

 Gode risper om ”Rærin”

Presten Kyrre Bremer var flink til vitje Anton. Ein gong han var innom fekk han sjå at det hang bilete av nokre nakne damer over senga hans Anton. – Du har så fine damer over senga di, kommenterte presten. – Ja, men de e sjælda døm e ni sængen, svara han Anton.

Ein gong var det nokre bykarar på Slangssetra som ville jakte. Anton stod og lena seg over gjerdet sitt og overhøyrde ei samtale mellom verten der den gongen, fru Tobiesen, og desse karane. Han høyrde at ho skrytte av jaktterrenget og at dei kunne jakte kvar dei ville. Da ropte han Anton: – Faen søkkje me’ kå du lyg. Neiggu om du har anna jaktterreng enn di eiga f…., du. 

 Møte med fienden

Ein dag under krigen var Anton på tur framtil bygda for å handle. Da han kom oppi Slangslia møtte han ei avdeling med tyskarar. Dei var på leiting etter motstandsfolk som dei meinte låg i dekning i Skåbufjellet. Anton vart da straks kommandert til å vere med som kjentmann. – Nei, e’ har itte stonne’ te’ de e’, e’ ska nå frami bygd’n å handle e’ a’ma. Men døkk kæinn få me døkk gut’n. Nazisten Arne Såtvedt var med tyskarane og lurte på kven denne guten var. Det svara nok ikkje Anton så mykje på, anna enn at det var ein som budde i Slangen. – Slangen, hvor er det? undra Såtvedt.  – Slangen vann, svara Anton. Til slutt måtte tyskarane innsjå at det ikkje nytta med Anton, og dei lét han gå vidare. Denne guten var den før nemnte Matias Furulund.

Ein annan gong under krigen kom delar av det norske flyvåpenet til Skåbu og landa på Slangsisen. Bygdafolk vart ukommandert for å trakke landingsplass og køyre utstyr, mellom anna flybensin. Nokre av karane var innom gardsplassen til Anton. Da kom det plutseleg springande ein underoffiser, heilt forstyrra. Han meinte at tyskarane var i ferd med å sleppe ned fallskjermsoldatar borti Storhøfjella. Da sa han Anton roleg. – Nå kæinn døm jæggu berre kåmå, for e’ ha helle’ på å lødd e’ hæle dag e’.  

Originaltreff 

Anton reiv ofte kjeft med ein annan original som budde i Slangen, Peder Lundgren. Ein gong vart dei ikkje einige om kva som var sønnavind  og kva som var nordavind. – Når vind kjæm synnan te’ å bles nordan’te’, så lyt de vel vera nordavind, meinte han Anton. Dette ville ikkje Lundgren vere med. – Da får vi vel si at det er nordavind som er på retur, da. Peder Lundgren var ein kar som kom til Skåbu under anleggstida. Han var ei typisk naturmenneskje som vart svært glad i bygda og folket.

Bortkasta forretningsidé

Ein annan gong påstod Anton at han hadde funne eit skiferbrot borti Langsudalen, og hadde han fått utnytta det skulle han vorte millionær. – Men tenk på den frakta frå der, kommenterte Lundgren. – Å, ha e’ ti åt n’ efta på vårleia når skårå’n e som sterkast med skikjølkja mine, så skull e’ vore’ ne’re att med e’ lass før du ha vore’ oppe, e’, svarte han Anton. – Hvorfor gjør du ikke det da, heldt Lundgren fram. – Nei, når itte nøynn an gjer de, så e de itte verdt for me’ hæill! 

I rettssak 

I samband med Olstappen-reguleringa blei Anton med på eit rettsmøte. Dette hadde også fått følgjer for Anton, fordi landskapet hadde forandra seg. Før naturinngrepet hadde han stelt seg til ein lagleg plass ved Slangslona der han kunne hente vatn.  Anton fekk høve til å uttale seg og klaga på at han ikkje lenger kunne hente seg kaffivatn. Dette skjønte dei ikkje heilt, og Anton måtte forklare nærare. – Skjønne døkk itte de da, e’ koke me’ nå kaffe e’ da’ma!

 Fleire versjonar 

Uttrykket ”fjøra som blei til fem høns”, kan også brukast når det gjeld slike bygdeoriginalar. Historiene blir ofte vridd på og overdrevne slik at det høyrest verre ut enn det eigentleg var. Historia om den gongen han flytte stova si verserer i minst to versjonar. Dette fortalte han til Berte Hølmyren og la til at da skulle han ikkje ha senga der han låg. Seinare vart dette til at han ikkje skulle ha omn på kjøkenet. Det han eigentleg meinte var at han ikkje  skulle ha det slik han hadde hatt det før.

Våt oppleving

Under storflaumen i 1938 budde han i ei fiskebu ved Øvre Hersjøen. Som følgje av det voldsomme regnveret begynte taket å leke. ”Rærin” skildra dette slik: – De draup så æille stann at oss heldt oss itte turre på an måte’ hæill oss ståka e’ bu’n e’ rægnkappe å fotsi rægnhatt 

 Brann hos Anton

I likheit med andre skåbyggingar skulle det mykje til å få Anton oppjaga og stressa. Ein gong begynte det brenne hos han, men det var heller ikkje nok til å gjere han oppskaka. Det hadde nok hendt fleire gonger at det tok fyr ved pipa oppunder taket. Ein gong dette hende gjekk han over til Matias Furulund. Han var ikkje heime, men Anton gjekk likevel inn og sette seg. Trast etter kom ein annan nabo, Torvald Kappelslåen. Han var heilt forstyrra og ropte til Anton at det brende hos han. – Å ja, e’ væt nok tå di, men e’ sitt å vente på at’n Matias ska kommå att e’.

Nye ting i kvardagen

Anton hadde nok ikkje sans for at det vart innført nye ting. Like etter at dei fyrste plastbøttene kom på marknaden, var han Anton innom Heide-butikken og fall for freistinga å kjøpe ei slik ei. Ei tid etterpå kom han innom att hos Heide. Da kom han i prat med ein som var meint på å kjøpe ei slik bøtte. – Nei, denna må du itte finne på å kjøpe. E’ kjøfte e’ sle’k ei e’ ræn’dan, å de va de låkaste e’ha kjøft nøynn gong. E’sette o’ bortpå omn e’, å det tåla o’ visst itte, fortalde han Anton.

Etter at mjølkemaskina kom, stussa han nok på korleis den fungerte. – E’ sle’k ei kjem nok e’ te’å kjøpe me’ au, e’ som itte har ku, sa han Anton.

Anton hadde altså to brør som reiste til Amerika. Ein gong fekk han brev frå Ole der det stod at han hadde kjøpt seg bil. Dette fortalde han til fleire og la til: – Når’n lægg se’ isen nå, så e de nok itte længje’ før oss har n’ her.

 ”Båkå sjøl”

Ein av dei som likte å treffe Anton, var møbelpioneren Ragnvald Krogenæs. Han trefte ”Rærin” fleire gonger borti Hersjøen. I nærleiken hadde Anton fått lov til å setje seg opp ei fiskebu og han heldt til mykje der. Ein gong Ragnvald, kona Else, Kristian og Arne Risdal kom dit, ville Anton spandere kaffi. Medan kaffikjelen stod og putra, drog han fram ei kasse frå under senga med ei stor kveitekake i. Denne la han så på kneet sitt og skar opp nokre store skiver. – Hvem han har bakt denne hvetekaka da, lurte Else på. – Å denna ha e’ båkå sjøl, svara Anton.  

”Basill’n” 

Som tidlegare nemnt så var det sjeldan at ”Rærin” var oppskaka. Men sjukdommar var han redd for. Dette visste folk om, og det var ikkje sjeldan at nokon ville drive ap med han. Ein gong Anton var forkjøla, bar han seg ille og meinte at han hadde fått ”basill’n”, som han sa. Da var det at ein skøyar ville sjå nedi halsen hans og kunne bekrefte at han hadde fått basill’n. – Nei, e de basill’n, da e de itte længje’ e’ har att e’ da, sukka han Anton.  

På ski

Anton gjekk ofte på ski til butikken. Ein gong det var trått føre var det ein som spurde han slik: – Går døm ski’n e’ dag da, Anton? – Ja, døm går når e’ går døm, kom det kontant frå ”Rærin”.

Heide-butikken; Eit kjent landemerke i Skåbu som dessverrre høyrer til svunne tider. Den gamle Heide-butikken eller

Heide-butikken; Eit kjent landemerke i Skåbu som dessverrre høyrer til svunne tider. Den gamle Heide-butikken eller «Timannbua» som det vart sagt på folkemunne, blei fyrst totalskadd i brann. Den vart bygt opp att og seinare nedlagt (1978). Bua vart vidkjent for rakefisken sin. Til høgre Timann Heide, på benken sit sonen Kristian og på sleden ser vi Ola Dalen. Her var «Reirin»* innom både titt og ofte for å handle og slå av ein prat. I midtre delen var det kafé og dette vart ein viktig sosial arena for folk i Skåbu. Her var det nok ikkje langt imellom gode replikkar og artige historier! Anton vart teke godt vare på og fekk mykje hjelp av Timann og Kristian. I takksemd for dette utparsellerte han ei hyttetomt frå eigedommen sin som han gav Kristian. Somme gonger hadde han også med seg fersk kokefisk til Heide-karane. Biletet er teke rundt 1970. Utlånt av Marie Heide.

Typisk bygdeoriginal

Anton Reiret var det vi kallar ein skikkeleg bygdeoriginal. På den tida han levde var det plass til slike som reindyrka det særeigne og ofte levde i pakt med naturen. Personar som var seg sjølve og ikkje brydde seg så mykje om at verda endra seg. Dei stulla og stelte med sitt og let seg ikkje påverke av mas og stress i kvardagen. Originalane prata rett frå levra og hadde ofte ein god replikk. Det finst nok slike i dag også, men no blir dei heller rekna som bygdetullingar eller personar som ikkje er som andre. Dei passar ikkje inn i det a4-samfunnet som vi etter kvart har laga oss. Anton Reiret er nok den originalen som har gått mest på folkemunne i Skåbu. Han døydde i 1964.

Artikkelen stod i Fronsbygdin 2012, ut på bloggen fyrste gong 20.11.13

Kjelder

Samlingane etter Torger T. Risdal

Digitalarkivet

Samtaler med Arne Risdal, Bernt Håkon Andresen, Per Bergseth og Liv Kampesæter

 

 

 

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s