Visst var det rutebåt på Olstappen!

Det var så godt som veglaust i Espedalen

buom-mot-saga

Olstappen. Buom mot almenningssaga. Dette er neddemt i dag. Olaug Askheim Aas: Meiner vi sit ved restane etter fjøset til Mari og Hans Buom, dei siste fastbuande der. Bildet viser Sigrun, f. Elstad frå Eidsvoll, på fanget sit Olaug Askheim og til høgre Gudrun Askheim. Almenningssaga i bakgrunnen vart fløtt til Nørdre Hølmyren i 1950-åra. Idyllen Elvenes ligg nå under fleire meter vatn ved oppdemd vasstand.

PER OTTESEN: Mot slutten av 1800-talet kom mange turistar opp Gausdal og skulle gjerne ha skyss vidare, og da det var så godt som veglaust i Espedalen, vart motorbåt eit godt alternativ heilt frå Vassenden sør i Espedalsvatnet til nordeneden av Breisjøen. Espedalsvatnet (Langvatnet) er heile 13 km langt og Breisjøen fire km. Eit båttilbod i tillegg over Olstappen spara  turistane for ein slitsam tur til fots.

Skåbuvatna

Kart frå Google maps

Olaug Askheim Aas (født 1931) frå Skåbu/Ås fortel. Far hennar, Ola, var bestyrar på almenningssaga i Skåbu frå 1922 til 1948, og Olaug voks opp der. – Visst var det rutebåt på Olstappen! Båten tøffa frå Elvenes til Espelandet og vart mest nytta av fotturistar i sesongen. Det  var ikkje bilveg frå gamle Sikkilsdalsvegen og ned til Slangen/Elvenes før i 1938. Når vi som budde nedpå saga, skulle reise til slektningane våre i Eidsvoll og Feiring, tok vi motorbåten til Espelandet, bar med oss reisegodset til Breisjøen, der vi gjekk om bord i ein ny båt. Så gjekk vi det vesle stykket til Langvatnet, der enda ein båt tok oss med til Strand. Der sto ein buss, som gjekk til Lillehammer stasjon.

Det var forholdsvis langgrunt borti Espelandet, så ei slags flytebrygge var lagt ut. Det var to brør frå Fåberg som køyrde båten og truleg eide han òg. Om eg ikkje hugsar heilt feil, var båthamna ved Elvenes utpå det vi kalle Tuva, ei knøttlita øy millom saga og Hølmyrlandet. Der sto eit hus som Solveig (1906-1998) og Hans Brenden (1907-2002) budde i under krigen. Hans arbeidde på saga. Da Hans og Solveig seinare bygde seg sin eigen heim synnafor Skåbukjørkja, kalla dei staden for Tuva.

Les hva Olaug Askheim Aas fortel om  guten som skulle gi blomster til prinsen

elvekryssing-1933

Olaug Askheim Aas: Bildet er teki av Ola Askheim utafor gjerdet ved Elvenes. Kua vassa ofte over elva for å koma over til rikt beite utpå Håggåøya (i dagligtale kalt berre Øya). Jentene på bildet er Gudrun og Aase Askheim. (Olaug er ikkje med.)

Under krigen vart det slutt med motordrivi transport på Olstappen. Når turistar ville over vatnet, sa dei gjerne frå på Dalsetra eller Brennsetra (nå Ruten fjellstue), derifrå ringde dei til Elvenes, og gav beskjed om kor mange som skulle fraktast og om dei ville hentast borti Espelandet eller i Buom. Som ti-tolvåring rodde eg mang ein turist over vatnet. 25 øre for frakt av ein person frå Buom til Elvenes, ei heil krone frå Espelandet.

Det kan vera sti vind på Olstappen, og det var heller sjeldan at turistane baud seg å ro. Alt gjekk bra. Den dag i dag sett eg stor pris på å få lånt ein båt og ro meg ein tur på vakre Olstappen, sjølv om både vatnet og landskapet rundt har forandra seg mykje frå min barndom. Idylliske Øya og Holmen er borte for alltid, det var uerstattelege perlar…

båt

Båt på Olstappen i august 1927. Foto: Wilse.

I 1946 vart det liv i båttrafikken att. Syver Stubberud kjøpte «Ormen Lange» for 1000 kr og sette han i rute på Langvatnet. Same året var det også at Jarle Lauvålien og Halvard Stubberud reparerte og bygde om ein gamal båt med innabords motor og sette han i trafikk på Breisjøen. Han vart også påkosta ein del for å halde kravet til sikkerheit, mellom anna livbelte og sikkert ein del andre forbetringar. Namnet på denne båten veit vi ikkje – han fekk kanskje aldri noko namn?

Redigert utdrag frå artikkelen «Turisttrafikk med båt i Skåbufjellet»i Fronsbygdin 2015

 

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Kvinner

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s