Vinstra Ballklubb kretsmeister i 1932

Men idrettshistoria til Ragnar Øvrelid har mange feil

104755443_3896580053746958_4816536696687229627_o

Styret i Vinstra Sportklubb i 1938. Laget feira da 30-års jubileum. Bak frå venstre: Paul P. Hvattum, Palmer Thorsheim, Paul Reidar Løkken og Einar Brenden. Fremst til venstre Hroar Hvattum og til høgre Ottar Jevne som var styreleiar.
Fotograf: Rusten. Fargelegginga er ny.

PAUL HENRIK HAGE: I band 1 av Historia om Fron av Ragnar Øvrelid, som vart utgjeve av Fron Historielag i 1987, står det ei halv side om starten på organisert idrett på Vinstra. Det er sjølvsagt fint at det er med litt om idrettslivet òg i den grundige historieboka om lokalsamfunnet vårt. Men det er leitt at det meste av det som står der, er feil. Her må historikaren Øvrelid ha mangla gode nok kjelder.

105135840_3896572373747726_7413904249065441397_o

Side 418 i Historia om Fron band 1 av Ragnar Øvrelid. Utgjeven i 1987 av Fron Historielag.

1. «Vinstra idrettslag vart stifta i 1908. Det opphavlege namnet var Vinstra sportsklubb.»

Nei, fyrste idrettslaget på Vinstra etter Ungdomslaget Vinstras Sportsforening frå 1896 var Vinstra Skøiteklub som kom i gang i 1908. Stiftingsåret til Vinstra idrettslag har derfor vorte sett til 1908.

2.» Det var mest ski dei dreiv med fram til 1920″

Vinstra Skøiteklub dreiv naturlegvis med skeiser, og Nordre Frons Idrætsforening, stifta 1909, dreiv med ski og prøvde også å få i gang fotballspeling. Elles var Vinstra ungdomslag, som var skipa opp att i 1909 etter ungdomsidrettslaget hadde gått i stå etter nokre år, ivrige med ski-idrett.

3. «Kring 1920 kom skøyteinteressa med målaren Ødegård frå Trondheim. Han skapte Vinstra skøyteklubb» …….

Johannes Ødegård var født i Nord-Fron i 1874. Han gjekk i målarlære i Trondheim, og etter han flytte til Vinstra att, var han med og stifta Vinstra Skøiteklub i 1908. Han var fyrste leiaren i klubben. Av dei andre styremedlemene i klubben kan nemnast fotograf Hans H. Lie som og var med og fekk i gang Vinstra Ungdomslag. Vinstra Skøiteklub og Nordre Frons Idrætsforening gjekk saman i eitt lag med namnet Vinstra Sportsklubb i 1919. Sverre Lie, son til fotografen, vart fyrste leiaren.

4. «I slutten av 1920-åra tok handelsbetjent Schonhowd initiativ til fotball-lag på Vinstra.»

Nordre Frons Idrætsforening hadde prøvt med fotball før. Men Øvrelid har rett i at Vinstra ballklubb kom i gang på slutten av 1920-talet. Stiftingsåret er usikkert, men fyrste gongen klubben er nemnd i avisene, er i 1927 etter ein kamp mot «Brann» Lillehammer der dei vann 4-3. Gudbrandsdal fotballkrets kom i gang frå 1932 og kåra fyrste kretsmeisteren det året: Vinstra Ballklubb. Leif Schonowd var med på laget.

 

5.»Ut av desse tre tiltaka (meint Vinstra Sportsklubb, Vinstra Skøiteklubb og Vinstra Ballklubb) vart Vinstra idrettslag til. I slutten av 1930-åra vart laga tilslutta Arbeidernes Idrettsforbund»…

Vinstra idrettslag vart stifta 17. november 1940 da Vinstra Sportsklubb, Vinstra Ballklubb og Vinstra Arbeideridrettslag (AIL) slo seg saman. Det var berre Vinstra AIL som var med i arbeideridrettsforbundet. Dei to andre var med i Norges landsforbund for idrett. Det vart frå 1946 heitande Norges Idrettsforbund, og Vinstra idrettslag var med i det.

Kjelder:
Styreprotokollen til Vinstra Skøiteklub, Vinstra Sportsklubb og Vinstra idrettslag 1908-1946.
Norske Skiløpere. Bind I .Østlandet Nord. Oslo 1955.
«Skihopping i Sødorp 1896 – 1946.» Artikkel i Fronsbygdin 2018.

104755443_3896580053746958_4816536696687229627_o

Kommenter innlegget

Filed under Idrett

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s