Om matkultur i Fron
TORI VIRIK NØVIK: Det er jordbruksprodukt frå eigen gard frøningane er fostra opp på, med mjølk, korn (bygg) og poteter (poteten etter tidleg på 1800-talet) som særleg betydningsfulle matvarer. Det var og naudsynt å ha råvarer som kunne lagrast over vinteren. Det er med andre ord ikkje så rart at stabburet har spela ei spesielt viktig rolle på gardane, sidan heile vinterforrådet skulle lagrast her. Stabbura var blant dei mest verdsette bygning på garden, noko som og kjem tydeleg fram i byggeskikken rundt nettopp stabbura. Få hus på gardane var så forseggjorte som huset der maten skulle bevarst heile vinteren. Les meir