Vinstra Ysteri restaureres ferdig

Og her kan du sjå drifta i gamle dagar

Skjermbilde 2020-05-21 kl. 16.09.45«Nå skal Sigurd (71) restaurere ferdig det gamle ysteriet på Vinstra, melder GD. Eier av Fron Traktor Service, Sigurd Søberg, kjøpte det gamle ysteriet i 1990. Siden har det blitt pub i 1. etasje og fire utleieleiligheter. Nå gyver han løs på resten. Det betyr tre nye leiligheter og et større kontorlokale. Sistnevnte er det leietakere på gang, men det blir først endelig avgjort i nær framtid. Kontorlokalene er på 700 kvadratmeter, fordelt over to etasjer. I nordre enden av bygget blir det heis og garasje.»  Da kan det kanskje vere på sin plass å sjå litt på historia, slik ho vart fortald her  5.12. 2013?

Skjermbilde 2020-05-21 kl. 16.17.14

Ysteriet rundt 1930. Foto Pål Kluften/Maihaugen. Men pipa overlever ikkje, eit landemerke på Vinstra sidan 1913. Det er trist å konstatere!

OLE CHR. RISDAL: I år (2013) er det 100 år sidan Vinstra Ysteri vart grunnlagt og 23 år sidan det vart lagt ned. I samband med dette er det på sin plass å leggje ut ein gammal film frå 1937/38, «Seterreise frå Isum». Anne Marie Tron kommenterer. Ho jobba ikkje der, men ho kjenner att fleire som er med. Dessutan har ho mykje å fortelje vedrørande ystinga. Vil du vete meir om denne bedrifta, kan du lese jubileumsboka til Jens Sundt, Vinstra Ysteri 1913-1983. Jens Sundt var styrar frå 1943-1983. For å gjere det lettare for folk å identifisere fleire personar, tek vi med namna på dei som jobba i kokeriet i 1932 og heile beteninga i 1943. 1932: Gunvor Hvattum, Anna Skåden, Gunhild Hovde, Ida Varpestuen, Åsta Tungen, Astrid Joten, Anne Engum, Signe Øium og Borghild Espe. 1943: Kari Stakston, Hans Engum, Pål Hvattum, Erik Trøen, Ole J. Glosli, Jens Sundt, John Storodden, Ragnhild Hvattum, Astrid Kopperud, Ingeborg Busterud, Ingrid Pettersen, Rønnaug Bakken, Anna Bakken, Karen Wahlquist, Margit Øium, Petra Grauphaugen og Lars Madshus.

Vinstra Ysteri på 1950-talet. Her går russetoget forbi.

Vinstra Ysteri på 1950-talet. Her går russetoget forbi. Foto: Vinstra Auto.

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Verksemder

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s