
Sør for den gamle Sundbrua ser vi noko av driftsbygningen på Søre Byre. På andre sida av brua har vi kommunesenteret Nørdre Byre. Frå venstre Amundsens hotell, «Gammelbanken» og kommunehuset. Sistnemnde var opprinneleg det gamle prestegardshuset på Sundet. Bygningen romma både bank, butikk og legekontor til å byrje med. «Gammelbanken» er ei stove som er kome frå Sygard Leine i Kvam. Banken kjøpte denne i 1903 og fekk såleis eige hus. Dei delte den riktignok med kommunestyret. Banken heldt til i fyrste etasje og møta i kommunestyret foregjekk i andre høgda.
Ole Chr. Risdal: Etter at jernbanen kom til Vinstra i 1896, vart store delar av bygdebyen Vinstra bygd på tomter som hadde høyrt Byregardane til. Så å si alt av areal på Vinstra høyrde enten Nordgard Tokse eller Byregardane til. Grensa mellom desse gjekk omtrent i rett line frå Laugen, så rett nordanfor urmakar Berge og vidare oppover til fjellet. Les meir