Var like mykje verd som eit gardsbruk

Oppslag i GD 11.2. 2015
Solveig og Pål Egil Rønn frå Sør-Fron har kjøpt aksjane i Gålå Eiendom as, melde Dølen i februar 2015. Salet frå Høegh Eiendom vart gjennomførd 30. januar. Høegh Eiendom hadde eigd Gålåvatnet sidan 1970-talet. Ifølge Dølen hadde ikkje Gålåvatnet vore på lokale hender på meir enn 100 år. Eit rikt fiskevatn det har vore strid om gjennom hundreåra. I Fronsbygdin 2014 skreiv Anders Haugen ein artikkel om elva Golo, der han også fortel litt av historia om vatnet. Det var i si tid like mykje verd som eit gardsbruk. Les meir