Monthly Archives: april 2020

Skåbu i utvida Norske Gardsbruk

Fjellbygda Skåbu ligg ved inngangsporten til sjølvaste Jotunheimen. Bygda ligg ca. 850 over havet og er rekna for ei naturperle i Noreg. Næringsgrunnlaget har ifrå dei eldste tider vore jakt og fiske. Skåbu ligg ideelt til for dette, og ei av dei beste fiskeelvene i landet kunne ein finne her. Dessutan satsar ein stort på turisme i Skåbu, og bygda fekk også turiststatus i 2012. Her finn ein óg tre store hyttefelt (Skardfjellgrenda, Sikkilsgrenda og Øybekklia), samt fleire mindre. Skåbu Tradisjonsbygg er ei solid bedrift i vekst som har sett opp mange av desse hyttene. Dette er eit godt døme på frisk satsing i bygda som har resultert i mange verdfulle arbeidsplassar. Jordbruket har også vore viktig, men i dag er det ikkje att mange som lever av dette. Totalt sett er det over 100 småbruk/gardsbruk i Skåbu. Her finn du ei oversikt over desse. Utgangspunktet er Norske Gardsbruk frå 1998, men eigaropplysningane er oppdaterte og det er  krydra med meir historikk. Dessutan er det med eigedomar som ikkje var med i 1998. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jakt og fiske, Jordbruk, Setring

Danse tett saman på Dalseter

Skjermbilde 2020-03-29 kl. 18.15.24Det nærmar seg ei påske som ikkje blir påske. Da kan det kanskje gjere godt med eit minne frå den gong påske verkeleg var påske. I 1960 var Filmavisen på Dalseter i lag med folk som køyrde heis, gjekk på ski, åt og drakk og dansa tett saman. Klikk her og gå til innslag nr 7, Påskereportasje, så er du med. Skjermbilde 2020-03-29 kl. 18.16.32

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Mange ville til Kvarvet

11 147 klikk på denne heimesida i mars

Skjermbilde 2020-04-01 kl. 11.40.45I koronamånaden mars 2020 var den best besøkte historia på denne heimesida av ein eller annan grunn ei gamal sak, publisert i september 2014: Historia om Kvarvet.  Dermed var òg interessa rimelig stor for Pål Kluften si forteljing om at «dette bureisningsarbeidet har satt nytt mot i mange, som før bare hadde motløsheten.» Inn  i tidsstemninga var vel Ivar Kleiven og tvilen hans om Svartedauen-segnene kan vere sanne: «Om det var så gale som segna går, er vel lite truleg, når det heitest at folket døydde ut i bygder og grender». Mange las også det Helge Stormorken fortel om oppvekst i Kvam i 1930-åra: Skulle du kome på sjukehus den gongen, måtte enden vere nær.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon