I tre netter flytta dei døde soldatar

«Heilt oppe i Krok, der britane hadde skytestillingar, fekk stallen ein tysk granat gjennom veggen.»
RAGNAR ØVRELID: Krigshandlingane i Kvam frå 25. til 27. april 1940 var over. Etter kvart tok folk seg ned i bygda att. Den øydelagde grenda grein mot dei. Over 70 nedbrunne hus, sundskote bygningar, raserte marker og vegar, og i fjøsa døde eller uthungra krøtter. Men gardbrukarane i Kvam opplevde også å sjå at krøttera hadde fått mat mens folket var borte. Om det var britiske eller tyske soldatar som hadde gitt dyra vatn og høy visste dei ikkje. I revegardane hadde mange sølvrevar og verdifulle platinarevar kasta kvelpane og ete dei opp.
Husa på Lunde var nedbrunne, det same var husa på Skreddarstugu, Teigen, Kjestad. Skottelåven var borte. Og kyrkja frå 1777 var ein oskehaug, berre kapellet stod att. Killi-butikken var borte, huset til Johan Moen ved Bedehuset, og mange uthus og høyløer. Atskillige bygningar var sundskotne og opprivne av granatar. Heilt oppe i Krok, der britane hadde skyestillingar, fekk stallen ein tysk granat gjennom veggen.
Det var eit syrgjeleg syn. Det var som om heile bygda brann, hus og mark. Røyken låg tjukk over alt. No og da kom ein veik vindpust og sopa han vekk.
Slik skildrar N. N. Ringdal kvamsbygda etter kampane i dei tre aprildagane.
På Kvam kyrkjegard ligg det i dag 54 falne britiske soldatar. 34 av desse er identifiserte. 6 offiserar og 129 menige vart tekne til fange her. Det falne britane vart gravlagde der dei låg nokre dagar etter kampane, somme av tyskarane, somme av bygdefolk. Men heile bygda kunne ikkje vere kyrkjegard, så i mai vart dei døde britane flytta til ei fellesgrav ved kyrkja. N. N. Ringdal som var med på dette, fortel at dei dreiv på med dette i tre netter, dei ville ikkje at tyskarane skulle blande seg bort i det. Ola Sletten, som arbeidde på Veikle i 1940, fortel at ein britisk soldat var gravlagd heilt der oppe. Han minnest at liket vart henta ned til kyrkjegarden ein mørk kveld. Iver Lo hadde traktor i 1940 og vart utkommandert til å hjelpe med våronna i Kvam etter kampane. Han fortel at han fleire gonger måtte vente med arbeidet til dei falne britiske soldatane var tekne opp og flytta til kyrkjegarden.
Tala på kjempande og falne tyskarar er ukjende. Tyskarane tok vare på sine døde sjølve. Vi veit at 13 vart gravlagde ved kvamskyrkja, ein i Kjørumslykkja og ein ved Bosåa. Alle desse vart sidan tekne opp att og flytta.
Soknepresten i Nord-Fron fekk i november 1940 eit rørande brev frå ein austerriksk far, Franz Herzgraz. Han skriv om grava til sonen som fall i Nord-Fron. Han ber om at det må bli sett lys på grava julekvelden, og han sender med stearinlys som skulle brukast til dette. Faren ber også om at grava må rettast opp, og at det blir lagt grøne greiner over den.
Sokneprest Nordrum i Nord-Fron kunne ikkje gjere noko med denne bøna. Liket var blitt flytta til Lillehammer.
Du finn meir om krigsåra i Fron her.