Kampane i Kvam 1940

Illustrasjonsbilete frå DigitaltMuseum

For nøyaktig 80 år sidan var Kvam åstaden for nokon av dei hardaste kampane i Sør-Noreg under den andre verdskrigen. Kampane pågjekk den 25. og 26. april etter at tyskarane hadde invadert Noreg, og britiske styrkar hadde gått i land for å støtte det norske forsvaret. Britiske  og norske styrkar hadde posisjonert seg rundt omkring på Viksøya for å prøve å forsinke fienden så mykje som mogleg. Det kom til harde trefningar der britane mista 54 mann. Dei norske tapa var fire soldatar, i tillegg til tre sivilistar frå Kvam og Brekka (Mari Bakken, Petter Klomstad og Søren Sørensen). Tyskarane oppgav at dei hadde mista fire mann den fyrste dagen. Mange av innbyggjarane måtte i hui og hast rømme til fjells medan bygda deira vart fullstendig rasert. Meir enn 70 hus, inkludert den flotte kyrkja frå 1775, brende ned. I går var det ei verdig markering i Kvam, der ordførar Støstad heldt ei sterk og og flott tale: https://www.nord-fron.kommune.no/aktuelt/80-ars-minnemarkering.14886.aspx.  Les meir om kampane i Kvam her: https://fronhistorielag.com/2019/04/03/i-strid-for-forste-gang-i-sitt-liv/

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s