Til minne i ei påske der vi òg er invaderte
For 80 år sidan angrep tyskarane Norge. 7. april 1960 var heile Filmavisen ein markering av 20-årsdagen for invasjonen. (Tekstinga er heilt i utakt, men det høver jo bra med temaet.) Kan vere nyttig å sjå i dag òg, i ei påske der vi òg er invaderte, motstandaren er usynleg, og vi har så langt berre vårt eige immunforsvar til å ta att. Men i fem år varar vel ikkje denne okkupasjonen …