Det nærmar seg ei påske som ikkje blir påske. Da kan det kanskje gjere godt med eit minne frå den gong påske verkeleg var påske. I 1960 var Filmavisen på Dalseter i lag med folk som køyrde heis, gjekk på ski, åt og drakk og dansa tett saman. Klikk her og gå til innslag nr 7, Påskereportasje, så er du med.
Daily Archives: 1. april 2020
Danse tett saman på Dalseter
Filed under Kommunikasjon
Mange ville til Kvarvet
11 147 klikk på denne heimesida i mars
I koronamånaden mars 2020 var den best besøkte historia på denne heimesida av ein eller annan grunn ei gamal sak, publisert i september 2014: Historia om Kvarvet. Dermed var òg interessa rimelig stor for Pål Kluften si forteljing om at «dette bureisningsarbeidet har satt nytt mot i mange, som før bare hadde motløsheten.» Inn i tidsstemninga var vel Ivar Kleiven og tvilen hans om Svartedauen-segnene kan vere sanne: «Om det var så gale som segna går, er vel lite truleg, når det heitest at folket døydde ut i bygder og grender». Mange las også det Helge Stormorken fortel om oppvekst i Kvam i 1930-åra: Skulle du kome på sjukehus den gongen, måtte enden vere nær.
Filed under Informasjon