Monthly Archives: april 2020

Heile bygda kunne ikkje vere kyrkjegard

I tre netter flytta dei døde soldatar

Heilt oppe i Krok, der britane hadde skyestillingar, fekk stallen ein tysk granat gjennom veggen.

«Heilt oppe i Krok, der britane hadde skytestillingar, fekk stallen ein tysk granat gjennom veggen.»

RAGNAR ØVRELID: Krigshandlingane i Kvam frå 25. til 27. april 1940 var over. Etter kvart tok folk seg ned i bygda att. Den øydelagde grenda grein mot dei. Over 70 nedbrunne hus, sundskote bygningar, raserte marker og vegar, og i fjøsa døde eller uthungra krøtter. Men gardbrukarane i Kvam opplevde også å sjå at krøttera hadde fått mat mens folket var borte. Om det var britiske eller tyske soldatar som hadde gitt dyra vatn og høy visste dei ikkje. I revegardane hadde mange sølvrevar og verdifulle platinarevar kasta kvelpane og ete dei opp. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar

Kampane i Kvam 1940

Illustrasjonsbilete frå DigitaltMuseum

For nøyaktig 80 år sidan var Kvam åstaden for nokon av dei hardaste kampane i Sør-Noreg under den andre verdskrigen. Kampane pågjekk den 25. og 26. april etter at tyskarane hadde invadert Noreg, og britiske styrkar hadde gått i land for å støtte det norske forsvaret. Britiske  og norske styrkar hadde posisjonert seg rundt omkring på Viksøya for å prøve å forsinke fienden så mykje som mogleg. Det kom til harde trefningar der britane mista 54 mann. Dei norske tapa var fire soldatar, i tillegg til tre sivilistar frå Kvam og Brekka (Mari Bakken, Petter Klomstad og Søren Sørensen). Tyskarane oppgav at dei hadde mista fire mann den fyrste dagen. Mange av innbyggjarane måtte i hui og hast rømme til fjells medan bygda deira vart fullstendig rasert. Meir enn 70 hus, inkludert den flotte kyrkja frå 1775, brende ned. I går var det ei verdig markering i Kvam, der ordførar Støstad heldt ei sterk og og flott tale: https://www.nord-fron.kommune.no/aktuelt/80-ars-minnemarkering.14886.aspx.  Les meir om kampane i Kvam her: https://fronhistorielag.com/2019/04/03/i-strid-for-forste-gang-i-sitt-liv/

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Den gamle kona og maskingeværene

Skjermbilde 2020-04-14 kl. 19.05.07 kopi

Øyenvitneberetning om kampene i Nord-Fron i april 1940

 

S. SANDBU RAPPORT 1942: Bortset fra enkelte fly som paserte oppover dalen hadde vi de første 8 dage av krigen ingen direkte føling med det som foregik lenger syd i landet. Nyheterne vi fik gjennem radio og pressen blev mottat med ro. Noen tilløp til panik var ikke å merke. Fra bygdefokets side blev det under ledelse av et par eldre underoffiserer, ordføreren m.fl. planlagt en del mindre forsvarsforberedelser vesentlig med tanke på forhindringer langs veien og organisering av vagtvern. Der blev rekvirert geværer og delt ut ammunisjon til vagtmannskaper. De planlagte forhindringer blev dog ikke til noget, og vagtmannskaperne fikk ikke annen oppgave enn å gi meldinger om usedvanlige ting og varsle eventuelle faldskjermtropper o.l. Disse mannskaper fik dog ingen betydning her i bygden, og blev indrad etter 78 dages forløp. De mangled forresten ledelse. Fra befolkningens side blev det ellers ikke truffet noen foranstaltninger hverken av militær eller forsyningsmessig art. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon, Krig

Fjellpilten

Nye bilder fra Norges første og eneste rullende fjellbutikk

92436936_3104772329587374_5254034781686988800_o

Egil Stakson har lagt ut bilder på FB fra en reportasje om Fjellpilten i Gudbrandsdølen 12. juni 1972. Her er fortellinga til Nils Chr. Steig supplert med disse bildene.

NILS CHR. STEIG: Norges første og eneste rullende butikk ble etablert i 1965, da den første Fjellpilten så dagens lys. Dette var en gammel buss som ble innredet med kjøledisk og hyller med varer av alle slag. Pilten gikk i rute innover fjellet hele sommersesongen og var et kjærkomment servicetilbud til hyttefolk og budeier i de neste 20 år.

Les meir

2 kommentarar

Filed under Kommunikasjon, Verksemder

Påskenøtt: Pissa dei på bil eller sykkel?

Kronprins Olav og Theodor Pettersen fekk problem i Kongslibakkane

smiupettersen

Theodor utan kronprinsen framfor smia i 1917. Frå venstre: Sonen til fotografen H.H. Lie: Hallvard Lie, Ole og Theodor Pettersen.

JAKOB BRENDEN FORTELLER HISTORIA SLIK TIL ARVID MØLLER: En påskehelg sist på 1950-tallet var kronprins Olav i Sikkilsdalen. Da fikk han melding om å komme til Oslo, trolig i statsråd på Slottet. Kronprinsen gikk på ski de toogenhalv milene fra Sikkilsdalen til Skåbu. Theodor Pettersen var budsendt for å skysse kronprinsen videre ned til Vinstra. Den gangen var det mekaniske bremser på bilene, og Theodor Pettersen kjørte det han var god for, det var om å gjøre å rekke toget. Men bremsene gikk varme i de lange Kongslibakkene like ovenfor Vinstra. – Ska du nå toget, lys oss kjøle ned bremsun, sa Theodor til kronprinsen og stanset bilen. Les meir

3 kommentarar

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Menn

9. april på film

Til minne i ei påske der vi òg er invaderte

Skjermbilde 2020-04-08 kl. 16.18.17For 80 år sidan angrep tyskarane Norge. 7. april 1960 var heile Filmavisen ein markering av 20-årsdagen for invasjonen. (Tekstinga er heilt i utakt, men det høver jo bra med temaet.) Kan vere nyttig å sjå i dag òg, i ei påske der vi òg er invaderte, motstandaren er usynleg, og vi har så langt berre vårt eige immunforsvar til å ta att. Men i fem år varar vel ikkje denne okkupasjonen …

 

Kommenter innlegget

Filed under Krig

Slått ned av en bjørn

Trodde det var revunger, så reiste binna seg og brølte

Ola Kristian Brenden

Ola Kristian Brenden fra Skåbu ble slått ned av ei bjørnebinne en vårdag i 1979. Til alt hell ble han bare påført små skader.

JAKOB BRENDEN TIL ARVID MØLLER: I mai 1979 ble Ola Kristian Brenden, småbruker fra Skåbu, slått ned av ei bjørnebinne med to unger i Murudalen. Han var på vei inn til Mugvatnet på moped for å se etter båten sin. Da fikk han, like ved veien, øye på noe han trodde var to revunger. Han parkerte mopeden og ruslet innover rabbene. Han trodde ikke sine egne øyne da han så at revungene var bjørneunger. Han rakk også å se at binna reiste seg på bakbeina og brølte. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jakt og fiske, Menn

Skåbu i utvida Norske Gardsbruk

Fjellbygda Skåbu ligg ved inngangsporten til sjølvaste Jotunheimen. Bygda ligg ca. 850 over havet og er rekna for ei naturperle i Noreg. Næringsgrunnlaget har ifrå dei eldste tider vore jakt og fiske. Skåbu ligg ideelt til for dette, og ei av dei beste fiskeelvene i landet kunne ein finne her. Dessutan satsar ein stort på turisme i Skåbu, og bygda fekk også turiststatus i 2012. Her finn ein óg tre store hyttefelt (Skardfjellgrenda, Sikkilsgrenda og Øybekklia), samt fleire mindre. Skåbu Tradisjonsbygg er ei solid bedrift i vekst som har sett opp mange av desse hyttene. Dette er eit godt døme på frisk satsing i bygda som har resultert i mange verdfulle arbeidsplassar. Hjørnesteinsbedrifta Krogenæs Møbler vart dessverre nedlagt i 2012. Det var reklamemannen og møbelpioneren Ragnvald Krogenæs som starta opp den i 1964, etter at han fyrst hadde starta opp på Hundorp i 1951. På det meste gav desse to fabrikkane arbeid til 85 frøningar. Jordbruket har også vore viktig, men i dag er det ikkje att mange som lever av dette. Totalt sett er det over 100 småbruk/gardsbruk i Skåbu, men no finn ein dyr berre på ca. 10 % av dei. Pr. mars 2021 er det tre brukseiningar som produserer mjølk og ni som driv med sau. Utgangspunktet for denne oversikta er Norske Gardsbruk frå 1998, men eigaropplysningane er oppdaterte og det er krydra med meir historikk. Opplysningar om folk elles på gardsbruka er i liten grad oppdaterte. Dessutan er det med eigedomar som ikkje var med i 1998. Når det gjeld den geografiske definisjonen av bygda, så har vi tatt utgangspunkt i Skåbu sokn. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jakt og fiske, Jordbruk, Setring

Danse tett saman på Dalseter

Skjermbilde 2020-03-29 kl. 18.15.24Det nærmar seg ei påske som ikkje blir påske. Da kan det kanskje gjere godt med eit minne frå den gong påske verkeleg var påske. I 1960 var Filmavisen på Dalseter i lag med folk som køyrde heis, gjekk på ski, åt og drakk og dansa tett saman. Klikk her og gå til innslag nr 7, Påskereportasje, så er du med. Skjermbilde 2020-03-29 kl. 18.16.32

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Mange ville til Kvarvet

11 147 klikk på denne heimesida i mars

Skjermbilde 2020-04-01 kl. 11.40.45I koronamånaden mars 2020 var den best besøkte historia på denne heimesida av ein eller annan grunn ei gamal sak, publisert i september 2014: Historia om Kvarvet.  Dermed var òg interessa rimelig stor for Pål Kluften si forteljing om at «dette bureisningsarbeidet har satt nytt mot i mange, som før bare hadde motløsheten.» Inn  i tidsstemninga var vel Ivar Kleiven og tvilen hans om Svartedauen-segnene kan vere sanne: «Om det var så gale som segna går, er vel lite truleg, når det heitest at folket døydde ut i bygder og grender». Mange las også det Helge Stormorken fortel om oppvekst i Kvam i 1930-åra: Skulle du kome på sjukehus den gongen, måtte enden vere nær.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon