Nokre ord og tonar om og av og med Hjalmar Fjellhammer

Hjalmar Fjellhammer, ein morosam og snill kar og utømeleg som slåttekjelde. Foto: Rasmus Stauri
Det er over ti år sidan spelmannen Hjalmar Fjellhammer gjekk bort. Og det har dukka opp eit radiointervju Rasmus Stauri gjorde med han i 1971, vel verd å høyre. Hjalmar var yngre bror av den meir kjende spelmannen Redvald Fjellhammer. I eit minneord skreiv Stauri at
det var noko særskilt med desse Fjelhammer-karane som heldt hus ved bergepallane øvst i Øverbygda, der dei budde i nær kontakt med seg sjølve, naboane og naturen, og med ei ørns utsikt over den breie Sør-Fron bygda. Fela var den beste venen, og fram til det siste tok Hjalmar i fela kvar dag. Kom ein på besøk, var fela alltid nystemt og vart fort spelt på.