Tater-Lars var ei merr i makt

Men i henda hass Amund Liltjem vart han for lett

fant

Theodor Kittelsen: Fantefølge. Nasjonalmuseet.

IVAR KLEIVEN: Amund Liltjem frå Kvam var ein overlag godkar, velvaksen, før og hardsett som ikkje gav seg for noko. Det fall ei tingreise på han eingong, så han laut reise til Rolstad på Fron, der tingsete var den tida. På eit kvilestelle han var inne på frammed vegen for å kvile hestane, var Tater-Lars komen i huset med det store følgjet sitt og var på veg nordover dalen. Da Lars fekk høyre at Amund var på tingferd til Rolstad, tok han til å tenkje sitt. Kjenner eg deg rett, Amund Liltjem, kjem du ikkje frå Fron att i dag, og det blir mannslaust på Liltjem til natta. I natt skal det bli kost og husvere på Liltjem.

vikkvam

Her sat Amund Liltjem og Per Vik og drakk ein dram i saman!

I skyminga kom Tater-Lars kjørandes inn i garden på Liltjem, sende kvinnfolka og ei røys med ungar inn i stugu, kommanderte ein framveksting, som var einaste karen att på garden, til å sette øyken på stallen og fore han vel, sjølv gjekk han etter inn i stuggu og ba kjerringa reie god kveldsmat åt han og folket hans. Litljemskjerringa var ikkje nokor ḱusse, men Tater-Lars var ein namnspurd kar, som hadde ord for å gå med 9 mannshjarte på seg, ein stor, brotsterk kar som få torde gå i fikt med og mest alle var redde for. Kjerringa reidde på bordet, men fekk tak til å smuge ut om kleveglaset og springe åt Vik til han Per, som var gift med syster til Amund. Og der sat Amund og Per Vik og drakk ein dram i saman! Men da han fekk høyre at det var komen framand heime på Liltjem, gjorde hań ikkje vegen frå Vik mykje lang.

Ivar Kleiven fortel om det som hende da Amund Liltjem gifta seg i Gausdal

Ferdafolket var nettop ferdige til  å gå tilbords da Amund dro innover dørstokken – ja, det vart korkje bordlesing eller eting: Lars og heile bøle hans hadde seg på garden, tok att hesten frå stallen, stuva på sleden heile pargasset foruten ein gong å bruke kjeften. Men da han var utur garden komen, sende han attende til Amund ei tekst, som lyddest kaldtokka. Og det skulle han Tater-Lars ha lete vore, for da han tok sinne han Amund meir og meir, og da Lars vel var komen inn i det gamle kvarteret sitt i Salmakerstugu, kom Amund etter, og nå vart det ein kule som det kanskje aldri har vore maken til i Salmakerstugu. Tater-Lars var ei merr i makt, eit vørsløst ukrutt og ei godt opplagt slåssbikkje, men i henda hass Amund Liltjem vart han for lett, og han fekk slik smorning at han mest ikkje kom frå det med liv og helse.

Frå Fronsbygdin 1930

 

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s