Monthly Archives: februar 2020

Kostbar sex

Bot eller gapestokk for kjønnsdrift på avvegar

the_rise_of_sexual_freedom_detail_from_the_bed_etching_engraving_and_drypoint_by_rembrandt_1646_-_at_the_british_museum

Straffen er streng! Rembrandt 1646

TORE FEVOLDEN: I 1694 vart Knud Hansen Fævold dømt til å betale tolv riksdaler, omlag ti årsløner, for å ha besovet Gunhild Engebretsdatter Lene. Fordi han ikkje greidde å betale, måtte han stå i gapestokken, truleg ikkje så langt frå hovudinngangen til kyrkja eit par søndagar etter kvarandre. Les meir

Éin kommentar

Filed under Folketru

Den fyrste som etablerte seg på Lomoen

Men gutungen Erling Rolstad måtte gå på fattigkontoret

Skjermbilde 2017-05-19 kl. 12.30.53HANS ODENRUD: Far til Erling Rolstad gjekk konkurs, og for ein familie var ein konkurs den gongen ei langt meir dramatisk hending enn i dag. Famlien var sett heilt på bar bakke. Dei leigde fyrst eit hus i Nannestad, med også det vart for dyrt, og familien enda som det heitte den gongen «på forsorgen». Eit kaldt og trekkfullt loft vart bustad for to vaksne og fem ungar i tre år. Erling vart fødd i 1923. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jakt og fiske, Menn, Verksemder

Spelebula best besøkt i januar

Skjermbilde 2020-02-02 kl. 16.00.33Ein gong i tida var det ei spelebule på Hudorp. Det kom fram i den mest leste saka på denne heimesida i januar. Kari Roen (fødd 1864) budde i eit lite hus på utsida av riksvegen like bortafor landhandleriet på Lillehove. Det gjekk det føre seg. Kommentarane på FB-sida fortalte mykje: «Historiene som er fortalt, sier at her ble det spilt poker med meget høy innsats på 40 tallet. Pott på 1500 kr.» «My skilling, 1500 kroner i 1940 tilsvarer over 44.000 kroner i dag.» «Ja mye penger, men historien sier at neste dag var de tapt i nytt pokerspill.» «Min bestefar, Mads, spilte bort store beløp der, fortalte mor.» 1086 las den historia. Nesten 700 klikka på orda til Einar Hovdhaugen, som skreiv om den fortvila situasjonen som rådde i bygdene her i 1850-åra. «Standsskilnaden og det skarpe sosiale skille, som serleg voks fram og markerte seg sterkt på 1800-talet, utvikla seg til ein sår og vond sirkel, som vi først i vår tid har greidd å bryte ut av.» Nesten 700 las den saka. Greidd å bryte ut av? Kommentarane var litt tvilande: «Noe forskjønnende, vil jeg mene.» «Husker fra min barndom at det var gjevt at dattera gifta seg med med «gardgut». Vi andre hadde liksom ikke sjanse, om gjenta vi likte, kunne få bli «gardkjerring». Han er fra gard ma gut! Det er ikke så lenge siden. 50-60 år.»

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon