Dei måtte sende kona ut på tigging

Fattigdom i Hyttebyen

44715836_2109167425814541_7070770411335581696_nGUNNAR LIEN: I mellomkrigstida var Hyttebyen i Sør-Fron fattigstroket i bygda. Her bodde dei som det sto låkast til med, fattigfolket og lausarbeidarane, i små hus som var lafta av grant tømmer, kalde og trekkfulle. Vi kan vel knapt forstille oss korleis det var å vekse opp under slik tilhøve. Ungane var så svoltne at dei gret seg i søvn. Klede og sko var ofte enten for store eller for små. I dag er Hyttebyen eit moderne boligområde med velstelte hus og hagar. Lite minner om fattigstroket. Kanskje er det dei folka som har bodd her heile sitt lange liv, som har opplevde dei aller største endringane, både sosialt og økonomisk, frå Fattig-Norge til det velstandssamfunnet vi har i dag.

hyttebyen

Ein gong fattigstroket i bygda

Det var mest ikkje jord son høyrde til det vesle huset, slik at familien kunne ha moglegheit til å dyrke sin egen mat. På husmannsplassane kunne det òg vera fattigsleg, men dei kunne halde husdyr og få avling på jordflekkane. Eit par kyr, ein gris og ein liten potetåker har berga mang ein ungeflokk unna svolten. Og så hadde dei rett til å hogge seg ved på garden som plassen høyre inn under, medan dei i Hyttebyen måtte be skogeigarane pent om å få nytte kvist og greiner som låg att etter  tømmerhoggarane.

Blant dei som bodde der, var det mest berre snikkaren, målaren og feiaren som hadde nokonlunde fast arbeid og greidde å forsørge familien sin sjølv. Dei fleste andre måtte gå den tunge vegen til fattigkassa i kommunen for å be om hjelp. Men krava var strenge, og rett som det var hende det at fattigkassa var tom. Da måtte mannen gå rundt på gardane og tilby arbeidskrafta si for ei luselønn, eller sende kona ut på tigging. Det var sjeldan at dette ga noko i kontantar, men nokre matbitar og klesplagg til ungane var nok meir vanleg.

Redigert utdrag frå atikkelen «Jacob Grønnings barndomsminne» i Fronsbygdin 2016

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s