Fattigdom i Hyttebyen
GUNNAR LIEN: I mellomkrigstida var Hyttebyen i Sør-Fron fattigstroket i bygda. Her bodde dei som det sto låkast til med, fattigfolket og lausarbeidarane, i små hus som var lafta av grant tømmer, kalde og trekkfulle. Vi kan vel knapt forstille oss korleis det var å vekse opp under slik tilhøve. Ungane var så svoltne at dei gret seg i søvn. Klede og sko var ofte enten for store eller for små. I dag er Hyttebyen eit moderne boligområde med velstelte hus og hagar. Lite minner om fattigstroket. Kanskje er det dei folka som har bodd her heile sitt lange liv, som har opplevde dei aller største endringane, både sosialt og økonomisk, frå Fattig-Norge til det velstandssamfunnet vi har i dag. Les meir