Monthly Archives: februar 2020

Dei måtte sende kona ut på tigging

Fattigdom i Hyttebyen

44715836_2109167425814541_7070770411335581696_nGUNNAR LIEN: I mellomkrigstida var Hyttebyen i Sør-Fron fattigstroket i bygda. Her bodde dei som det sto låkast til med, fattigfolket og lausarbeidarane, i små hus som var lafta av grant tømmer, kalde og trekkfulle. Vi kan vel knapt forstille oss korleis det var å vekse opp under slik tilhøve. Ungane var så svoltne at dei gret seg i søvn. Klede og sko var ofte enten for store eller for små. I dag er Hyttebyen eit moderne boligområde med velstelte hus og hagar. Lite minner om fattigstroket. Kanskje er det dei folka som har bodd her heile sitt lange liv, som har opplevde dei aller største endringane, både sosialt og økonomisk, frå Fattig-Norge til det velstandssamfunnet vi har i dag. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk

Hvem skjøt på grossererens hytte?

Hærverk i Skåbu

Hvem var de bolde skyttere? Gjorde de nærmere rede for sin tapperhet?

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Beret var før og tjukk og god for seg til mangt

Historia om general´n på Frostad og ho Beret Svastugun

frostad

Frå Kvam 1895. Vik (høyre i forgrunnen) og Klomstad. Øvre høyre kant kapteinsgården Frostad. (foto: H.H. Lie)

PER ÅSMUNDSTAD:  På Kvamskjørkjegarden skal det finnast eit gravminne med denne innskrifta:

Her under hviler Chefen for den Gulbrandsdalske Musqueter Corps VILHELM CHRISTIAN KEILHAU, Ridder af Sværdordenen Fød i HOLSTEN 27 de Juni 1760 og døde Paa Gaarden Frostad i Kvam den 15de Januar 1834 i en Alder af 74 Aar Fred med dit Støv!

Før Keilhau kom til Frostad i 1810, heldt han til på sjefsgarden Bauker i Østre Gausdal. Han var enkjemann og kallast major. Keilhau vart kalla berre ”General´n på Frostad” etter at han vart forfremma frå major til general-adjutant. Hushaldar hadde han med seg frå Gausdal. Ho har au fått reist gravminne i Kvam der det står: ”Berthe Christensdatter Frostad født 20.August 1783, død 25.Januar 1851”. Ho skulle vera født på ein husmannsplass ved Bauker og kom truleg åt huset Keilhau da han vart enkjemann. Ho fekk ei dotter, Anne Margrethe, i 1807, og etter at ho kom til Kvam, fekk ho ei dotter til som fekk namnet Dorothea. Ho var født i 1815. Det er sagt at båe desse jentene var døtre til Keilhau.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kvinner, Menn

Kvalt under en snebold

karlb

Karl Byrhagen i åpen kiste 13. april 1901. Foto: H.H. Lie/Maihaugen/Digitalt museum

MORGENBLADET 9. april 1901: Fra Hamar telefoneres til ”Morgenbladet”: En 7 aar gammel gut morede sig mandag oppe ved Vinstra med at rulle store klumper kram sne udover en brat bakke. Tilslut sprang gutten nedover og stillede sig under bakken for at tage imod en stor snebold, som han havde sendt ivei. Da snebolden kom, rev den gutten overende og begravede ham under sig. Da folk 1 time senere fandt gutten, var han død – kvalt under sneen.

Anders Bakken: Den stakkars gutten må ha vært  Karl E. Byrhagen, som i kirkeboken er oppgitt død 1.4.1901, ved et ulykkestilfelle.

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Menn

Kvam kirke er gjenreist!

Reportasje i Filmavisen 20. november 1952

Skjermbilde 2020-02-16 kl. 21.54.38

Klikk her og gå til innslag 5, så hører du Rolf Kirkvåg fortelle at kirken er gjenreist etter kamphandlingene og står der vakrere enn noensinne til minne om hardere tider.

Skjermbilde 2020-02-16 kl. 22.57.56

Éin kommentar

Filed under Folketru

Kvifor ser Vinstra slik ut?

Eit resulat av velferdsstaten?

vinstra2

Betre å bygge bygdeby om Vinstra stasjon hadde vore ved Brandvol? Postkort frå ca 1965

RAGNAR ØVRELID: Når Vinstra ser ut som det gjer, med regulerte bustadfelt langt oppover i lia, kjem det mykje av at stasjonsområdet vart for trongt til særlege utvidingar. Hadde dei som kring 1980-kjempa for at stasjonen skulle ligge ved Brandvol fått sin vilje, hadde bygdebyen hatt mykje større plass til å legge på seg. Les meir

2 kommentarar

Filed under Jordbruk, Kommunikasjon, Verksemder

Slektsgranskarkveldar!

Måndag 9. mars kl. 19.00 blir det sett i gang slektsgranskarkveldar på Nord-Fron bibliotek. Lokalhistorikarane Anders Haugen, Lodver Bryhn og Ole Chr. Risdal vil gje ei generell innføring i sleksgransking denne fyrste kvelden. Tilbodet er ope for alle interesserte.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Kostbar sex

Bot eller gapestokk for kjønnsdrift på avvegar

the_rise_of_sexual_freedom_detail_from_the_bed_etching_engraving_and_drypoint_by_rembrandt_1646_-_at_the_british_museum

Straffen er streng! Rembrandt 1646

TORE FEVOLDEN: I 1694 vart Knud Hansen Fævold dømt til å betale tolv riksdaler, omlag ti årsløner, for å ha besovet Gunhild Engebretsdatter Lene. Fordi han ikkje greidde å betale, måtte han stå i gapestokken, truleg ikkje så langt frå hovudinngangen til kyrkja eit par søndagar etter kvarandre. Les meir

Éin kommentar

Filed under Folketru

Den fyrste som etablerte seg på Lomoen

Men gutungen Erling Rolstad måtte gå på fattigkontoret

Skjermbilde 2017-05-19 kl. 12.30.53HANS ODENRUD: Far til Erling Rolstad gjekk konkurs, og for ein familie var ein konkurs den gongen ei langt meir dramatisk hending enn i dag. Famlien var sett heilt på bar bakke. Dei leigde fyrst eit hus i Nannestad, med også det vart for dyrt, og familien enda som det heitte den gongen «på forsorgen». Eit kaldt og trekkfullt loft vart bustad for to vaksne og fem ungar i tre år. Erling vart fødd i 1923. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jakt og fiske, Menn, Verksemder

Spelebula best besøkt i januar

Skjermbilde 2020-02-02 kl. 16.00.33Ein gong i tida var det ei spelebule på Hudorp. Det kom fram i den mest leste saka på denne heimesida i januar. Kari Roen (fødd 1864) budde i eit lite hus på utsida av riksvegen like bortafor landhandleriet på Lillehove. Det gjekk det føre seg. Kommentarane på FB-sida fortalte mykje: «Historiene som er fortalt, sier at her ble det spilt poker med meget høy innsats på 40 tallet. Pott på 1500 kr.» «My skilling, 1500 kroner i 1940 tilsvarer over 44.000 kroner i dag.» «Ja mye penger, men historien sier at neste dag var de tapt i nytt pokerspill.» «Min bestefar, Mads, spilte bort store beløp der, fortalte mor.» 1086 las den historia. Nesten 700 klikka på orda til Einar Hovdhaugen, som skreiv om den fortvila situasjonen som rådde i bygdene her i 1850-åra. «Standsskilnaden og det skarpe sosiale skille, som serleg voks fram og markerte seg sterkt på 1800-talet, utvikla seg til ein sår og vond sirkel, som vi først i vår tid har greidd å bryte ut av.» Nesten 700 las den saka. Greidd å bryte ut av? Kommentarane var litt tvilande: «Noe forskjønnende, vil jeg mene.» «Husker fra min barndom at det var gjevt at dattera gifta seg med med «gardgut». Vi andre hadde liksom ikke sjanse, om gjenta vi likte, kunne få bli «gardkjerring». Han er fra gard ma gut! Det er ikke så lenge siden. 50-60 år.»

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon