Daily Archives: 29. januar 2020

Bondelivet mista noko det aldri får att

Kveldseto var friske, levande kjelder for rotekte bondekultur

«Desse kveldstimane omkring eldsmålet i dei store, romlege stuene skapte elsk til heim- og husliv og var friske, levande kjelder for gamalt, rotekte bondeliv og bondekultur.» Bilde frå frumeyer.com

IVAR KLEIVEN: Når den vanlege arbeidstida var slutt for dagen, og dei som dreiv ute «sette seg inn», kom kveldseto og kveldsetoarbeidet både for karar og kvinnfolk. Kveldseto var ein attpåskaute på dagsverket, men det var det ingen som aukra på, for kveldseto var mest all tid ei hugnadsstund, som fyllte alle med arbeidsglede, så det kunne lyse frå alle augo. Ho var arbeidsskule med god opplæring for dei unge i huset, og ho vart dei formaste skei´ for bygda- og slektshistorie ein kan tenkje seg, når dei gamle tok til å fortelja frå gammeltida og frå si eiga ferd gjennom livet. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kunst og handverk