Frå Amundsen Hotel til Bruvik boligsameie

Historia om privathotellet som gjekk på tvangssal og nå blir leiligheiter

Skjermbilde 2020-01-26 kl. 21.20.05Mange ville bevare Amundsen Hotel på Vinstra, men slik gjekk det ikkje. Hotellet skal bli til Bruvik boligsameige. Men berre to av 14 husvære er selde pr dags dato, og utbyggjarane må selje ti for å gå i gang med bygginga, melder Dølen. I 2016 hadde avisa eit oppslag med Hans Petter Kleven. «Få er så oppdatert på Vinstras utvikling fra bygd til by som den pensjonerte turistsjefen og reiselivsgeneralen Hans Petter Kleiven. Han er oppgitt over at de nye eierne av Amundsen Hotel vil rive det gamle og tradisjonsrike hotellet til fordel for moderne leilighetsbygg.

Skjermbilde 2020-01-26 kl. 21.26.47

Slik blir det  – dersom fleire kjøper

– Dette er en bygning midt i en av Vinstras siste grønne lunger beliggende ved siden av staselig Gammelbanken. Her er både natur, nærhet til elva og gammel historie og arkitektur samlet på ett sted. På sikt vil dette ha en større verdi for Vinstra ved  å bevares, enn å rives, sier Hans Petter til Dølen. Hans Petter har tanker om at hele området med kirka, Sundbrua, Amundsen og Gammelbanken i framtida kan bli et viktig bindeledd mellom det gamle og nye Vinstra.

am1

Amundsens Hotel i glansdagane

I Fronsbygdin 2005 hadde Hans Petter Kleiven ein artikkel «Amundsen hotell 100 år». Her er eit redigert utdrag:

Tettstaden Vinstra var berre ni år gamal, namnsett av jernbaneingeniørane da dei skulle «kristne» den nye jernbanestasjonen på Byre. Berthe og Knut Amundsen fekk kjøpt omlag fem mål tomt ved Sundbrua av Vinstra Hotell. Sanatorium var rekna som eit særs fint namn og passa ikkje her. Pensjonat var noko dei fleste meinte høyrde til gardane, Tokse og Sunheim for eksempel. Hotell måtte passe bra, men for å skilja det ut kom nyskapinga – privathotell.

Ikke så mykje for dei  reisande etter veg og jernbane, men ein stad som dekte det lokale behov for  overnatting og matservering.

Bygginga kom igang i 1905. Dei sette opp ein to etasjes tømmerbygning med full kjeller. Det var plass til ti utleigesenger i fyrste omgang. Stor stas vart det nok da skiltet K. Amundsens Privat-Hotel kom opp i andre høgda over inngangen!

Skjermbilde 2020-01-26 kl. 21.42.26Drifta var tungvint. Vatn vart bore inn frå brønn, og om vinteren skylte dei kleda på elveisen. På alle rom var det vedomnar. Arbeidskrevande, men det mangla ikkje på jenter som gjerne ville ha seg hotellarbeid. Populært var det å få bu i kjellaren på Amundsen!

Mellom gjestene var det i mange år folk frå Vinstradalen. Dei var i Loholet på kornmaling eller i butikkane på handleferd. Det er tre mil frå Skåbu til Vinstra, og konfirmantane frå Skåbu på førebuing i hovudkyrkja sette ôg pris på å få overnatte. Det var helst føtene som var framkomsmidlet, og det vart langt å gå fram og attende same dagen.

Skjermbilde 2020-01-26 kl. 21.43.32Berthe og Knut, som han etter kvart kalla seg, dreiv ôg litt jordbruk og hadde ei tid både ku, griser og høner, ja, og katt til å holde musa borte. Dyra hadde dei i eit uthus nærare brua.

aflom

Det gamle badehuset fekk seg ôg eit bad, Foto: Marius Kroon

Nede i hagen vart det i 1901 reist ei lita tømmerstugu – «Byhre Bad». Her kunne bygdafolket og tilreisande få seg eit «styrtbad» eller ein tur i badstua. Dora Sørensen var badevakt. Byhe Gaard averterte med «Varmluftsbad og Styrt 50 øre». 1909 kjøpte Amundsen badet. Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS) tok etter kvart over badet, og under krigen 1940-45 vart det flittig brukt, og nå var John Eide frå Sorperoa badevakt. I seinare år vart badet omgjort til bolig/hytte for Amundsens hotell.

K. Amundsens Privathotel fekk snart sin del av den auka turiststraumen. Særleg populært vart det å bruke jernbanen til Vinstra for så å gå eller la seg kjøre opp gjennom Vinstradalen til Skåbu og vidare til Sikkilsdalen og Jotunheimen. I 1905 kosta skyssen med ein hest Vinstra-Kampesæter kr 4,50 med ein person i skyssen. Gjeldande takst for tohjuls reiskap med ein hest var elles 0,17 øre pr km.

32683951378_ed280b4c49_b

Kongeleg på Amundsen Hotell

Sommarstid var det liv og røre på Vinstra. Lenge vart nok det gamle namnet Byre brukt om Vinstra av dei lokale, mens stasjonsnamnet vart brukt av turistane.

Knut Amundsen var ôg skreddar og hadde verkstad i hotellet. Berthe med si hotellerfaring tok seg av drifta. Det var i dette miljøet dottera deira voks opp, den seinare så kjente hotelldama Margit Amundsen. Ho var aktivt med i drifta frå ho vart konfirmert. Ein gong på 1920-talet reiste ho ut og tok seg hotellutdanning, noko som måtte til om ein ville meir med privathotellet. Ho såg for seg utbygging og modernisering.

hollandsk-gjestehus

Eit av romma da Amundsen var Hollandsk gjestehus

Knut døydde i 1915 og Berthe i 1930. Margit fekk arkitekt Øivind Lande, Lillehammer, til å teikne ei utviding og eit nybygg. Byggmester Anders Haverstad i Ringebu tok på seg oppdraget. I 1939 hadde Vinstra fått eit nytt og moderne hotell med 14 rom og 25 gjestesenger og «tidsmessig innredning, sentralvarme, varmt og koldt vann på værelsene», skreiv Lillehammeravisa Laagen i 1940. Det gamle skiltet K. Amundsens Privathotel vart teke ned og eit nytt Amundsens Hotell kom opp.

Skjermbilde 2020-01-26 kl. 21.48.35

«Heile troppen utanfor Amundsen.» Frå frigjeringa i 1945? Bilde frå Gudbrandsdalsmusea.

o

Resepsjonen

 

I januar 2016 vart hotellet lagt ut på tvangssal – her er saka i Dølen. GD skreiv 4. desember 2015:

De tidligere eierne forlot gjestgiveriet uanmeldt og sendte nøklene i posten til DNB på Otta. De flyttet tilbake til Nederland fordi de ikke følte seg velkommen i Gudbrandsdalen. Nye brannkrav var også en årsak til at de dro, siden dette ville bli en vesentlig påkost.

Amundsen er et kjent landemerke på Vinstra. Her stoppet Kong Olav hver påske på veg til Sikkilsdalen for frokost. Stedet har også vært kjent for god mat og gjestfrihet fra tiden da Alfred Holmestad drev det.

Bygningsmassen og tomta ble kjøpt av Otta-selskapet Bruvik Utvikling AS. Petter Kittelsen har på vegne av selskapet søkt om å få starte en omreguleringsplan som er forskjellig fra dagens reguleringsplan og kommuneplan. Det signaliseres fra den nye eieren at det skal bygges som flere leilighetsbygg gjennom flere etapper.

skreiv Dølen 15. mars 2016.

Og nå altså: Bruvik sameige. 14 husvære.

 

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon, Verksemder

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s