– E bæt eit stort stykkju utur kjåkå på o´m

Ola Toppen i kamp med ein slåsskjempe

toppen

Toppen – bildet er tatt den sumaren dei bygde nytt hus. I den vesle stova til venstre budde Olea og Ola. Foto lånt av Gerd Tangen.

ODD JAN SKRIUBAKKEN: Ola Toppen (1873-1964) var på fest i Svatsum og kom i klammeri med ein slåsskjempe. Dei slost og både datt i golvet. «Da hadde e itte någgå anna å gjere ve me enn at e bæt eit stort stykkju utur kjåkå på o´m og spytta det på golve. Da besvimte´n gut. Ettepå ræv eg me på ein stor omn å slo rondt me med omnsringom og jåggå folke ut på gar´n. Den ænaste som va att inne, va a Olea, som nå e kjerringa mi.»

 

kommuni

Han hadde partiboka i orden, Ola Toppen

Ola var flink til  fortelje, og det kan vel hende at han la på litt. Han var kommunist og hadde partiboka i orden og var ikkje god å målbinde.

Han kjøpte bruket Toppen under Uppigard Rolstad i 1904 og lånte 1000 kroner i det som den gongen heitte den Norske Arbeiderbruk og Boligbank ( i dag Statens Landbruksbank). Renta var låg og avdraga små, noko som gjorde at det tok lang tid å nedbetale lånet, som hang ved Toppen i to generasjonar.

Ola gifta seg med Olea Aspesletten frå øvst i Svatsum. Dei var staute folk. Som gutonge var det alltid stas å komme inn til Olea. Da vanka det støtt kake og et glas saft. Ola døde i 1964, Olea i 1967.

Dei fekk tre ungar, Emma, Alfred og Karen. Emma gifta seg med Johan Hovemoen. Dei har stor etterslekt. Karen var gift åt Oppdal med Engebret Fossheim. Dei dreiv et småbruk i Driva, i dag eigd av Terje Tysland, musikaren. Karen og Engebret fekk ikkje barn.

Alfred Toppen (født 1902) tok over som eigar av bruket i 1946. Det vart bygd nytt våningshus. Før det hadde dei leigd husvære på Barlund. Alfred gifta seg med Ragnhild Sørjordet i 1936. Dei fekk to ungar som voks opp, Øyvind (1938) og Gerd (1941). To gutar, Osvald og Kjell, døde båe i fyrste leveåret. Ved sida av småbruket dreiv Alfred mest med snikring. Han døde i 1981.

Redigert utdrag frå artikkelen «Husmannsbruk under Uppigard Rolstad» i Fronsbygdin 2016

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kvinner, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s