Lang likpreike for ei ku

Prestane i Fron var ikkje alltid nøgde med betalinga

600px-erik_werenskiold_-_peasant_burial_-_google_art_project


 Prest til stades? Erik Werenskiold: En bondebegravelse

RAGNAR ØVRELID: Presten hadde rett til særleg betaling for kyrkjelege handlingar. Gravferder kosta mest. Skulle det haldast ei skikkeleg likpreike, måtte dei etterlevande ut med ei ku til presten eller tilsvarande i pengar. Da kunne til gjengjeld likpreikene bli lange, på 1700-talet opp til fleire timar. Dei utvikla seg til ein heil kunstart, som vi i dag finn latterleg på grunn av den svulstige forma og det tome innhaldet. Fattigfolk som ikke hadde råd til å betale, kom heller fort i jorda, om det da var prest til stades i det heile.

Elles fekk presten tiende.Tienda skulle gardbrukarane levere på prestegarden, i Fron mest som korn, bygg, i eit spesielt hus, der dei tok imot og lagra kornet. Tidendelistene var sette opp på bydetinget, der lagrettemennene frå bygda vurderte om oppgåvene til bøndene var til å lite på. «Tiendesvik» vart rekna som dårleg framferd, men var nok ikkje uvanleg. Lagrettemennene såg mellom fingrene med for små oppgåver frå bøndene. Neste år var det deira tur til å bli kontrollerte.

Prestane var ofte misnøgde med sin part av tiendeytinga og sikkert med god grunn. Ivar Kleiven kan påvise at ytingane stadig minka utgjennom 1600-åra. Frå 1600 til 1720 heldt ytingane seg temmeleg like, enda folketalet og det dyrka arealet hadde auka kraftig på desse 120-åra.

Husmennene betalte ikkje tiende eller andre avgifter til presten. Til gjengjeld skulle dei gi ein arbeidsdag i året på prestegarden, både kone og mann. Vi kan tenke oss at det var ytterst motvilleg husmennene traska dei lange vegane til prestegarden for å vere med i slått og innhausting. Mange prøvde å sluntre unna. I 1737 meldte Schiøth 24 husmenn på tinget for resterande arbeid på prestegarden.

Husmenn og tenestefolk skulle dessutan yte presten eit årleg offer i varer. Prestane klagar stadig over at dei ikkje får deira «lovlig tillagte offer, især av husmenn og tjenestefolk». Gardbrukarane var derimot flinke til å utreie offeret, dei skulle gi presten ein sau i året. Men alt dette var ikkje nettoinntekt. Presten hadde utgifter til to presteenker i kallet. Og han måtte sjølv betale kapellanen sin. Likevel hadde han ein del att.

«Almuen» skulle også halde prestegardshusa ved like. Lensmannen hadde gjerne oppsynet med arbeidet på prestegardshusa. Han fann kybdige folk til å gjere det og ordna derette med utlikning på bygdefolket, i materialar eller i pengar.

Redigert utdrag frå Historia om Fron fram til 1940

 

 

Kommenter innlegget

Filed under Folketru

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s