Daily Archives: 15. januar 2020

Lang likpreike for ei ku

Prestane i Fron var ikkje alltid nøgde med betalinga

600px-erik_werenskiold_-_peasant_burial_-_google_art_project


 Prest til stades? Erik Werenskiold: En bondebegravelse

RAGNAR ØVRELID: Presten hadde rett til særleg betaling for kyrkjelege handlingar. Gravferder kosta mest. Skulle det haldast ei skikkeleg likpreike, måtte dei etterlevande ut med ei ku til presten eller tilsvarande i pengar. Da kunne til gjengjeld likpreikene bli lange, på 1700-talet opp til fleire timar. Dei utvikla seg til ein heil kunstart, som vi i dag finn latterleg på grunn av den svulstige forma og det tome innhaldet. Fattigfolk som ikke hadde råd til å betale, kom heller fort i jorda, om det da var prest til stades i det heile. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Folketru