Brukte Barbro trollkattsmør?

Ei sak frå Kvam 1681

NF.1960-0091

Trollkatt frå Gol på Norsk Folkemuseum. Fyll: Nauthår. Skall: Lær.

ARILD TEIGEN: I 1681 hadde soldaten Erik Klomstad vore i arbeid hos Hans Vik i Kvam, og her hadde det vorte komsumert ein del drikke. Etter arbeidet skulle Klomstad reise attende til avdelinga si på Lillehammer og vart utstyrt med niste av systera til Hans, Barbro Vik. Da begynte han å skulde henne for å ville forgifte han med trollkattsmør. Det var ingen spøk å bli skulda for trolldom på 1600-talet. Hadde Barbro vorte skulda for dette femti-seksti år tidlegare, kunne ho vore ille ute. I åra 1619 – 1621 veit vi at minst ni personar vart stilt for retten i Fron, skulda for å stå i ledetog med onde makter. Minst fire av dei var avretta. Fron var faktisk eit av kjerneområda for trolldomssaker i innlandet.

Ivar Kleiven fortel at Fron var eit midstøe for trolldom.

Bakgrunnen for slike saker varierte. Det kunne vere tradisjonelle bygdekranglar, der eine parten brukte «trolldomskortet». Klarte du å lime hekseri til motparten, kunne du, om du var heldig, bli kvitt han for godt. Vi veit òg at folk som hadde kunnskap om naturmedisin og nytta denne gjennom å lækje sjuke, fort kunne bli mistenkeleggjort. Einslige kvinnfolk var òg utsett for skuldingar – sjalusi og hemn frå gifte medsystrer var ikkje uvanleg.

Skjermbilde 2020-01-11 kl. 18.42.24

Vik nokre år seinare, ca 1860. Bilde frå Kvam Historiske Forening/Fredrik Weikle

På Vik var det fylla som fyrte oppunder skuldingane, men på dette tidspunktet var trolldomsbølgja begynt å avta. Den komande opplysningstida var i ferd med å ta livet av ein del av den verste overtrua i samfunnet.

Trollkattsmøret som skulle ha hamna i nista til Erik Klomstad, kom frå trollkatten, godt kjend frå folketrua i bygda. Det skulle vere eit slags nyste eller ein ball styrt av folk som hadde kontakt med djevelen. Den hadde for vane å suge mjølk frå buskapen og produsere slim eller spytt, som vart kalla trollkattsmør eller trollkattspy.

Les om Kari som hadde trollkatt.

Barbro Vik vart ikkje stemna, derimot stemna Hans Vik soldaten Erik Klomstad for retten for denne skuldinga mot systera. I rettsaken kom det fram at soldaten hadde vore temmeleg påseila da han sto på reisefot frå Vik. Han vedgjekk etterkvart sjølv at han  hadde vore så full at han ikkje kunne hugse stort av kva han sa eller gjorde. Erik Klomstad sa seg villig til å be Hans Vik om orsaking. Vik godtok orsakinga mot at den saksøkte betalte ei erstatning på tre riksdalar. Erik Klomstad godtok dommen og tok Hans Vik i handa på at saka nå var ute av verda.

Red merkn: Ein kan jo spekulere i kvifor Erik Klomstad skulda Barbro Vik for trolldom. Kvifor ville han ta att med ho? Kva hadde hendt? Tilnærmingar som vart avviste? Var nok mykje slikt som gøymde seg bak hekseskuldingar.

6046565540_f9e4ba305d_b

Barbro? Heksemateriale? Foto: Fredrik 13

Redigert utdrag frå artikkelen «Da Erik Klomstad vart forgifta av trollkattsmør» i Fronsbygdin 2016

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Kvinner, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s