Kari kunne svare for seg

Når lensmannen og presten ville ta ho for ulovlegheit og utukt

81722659_2897604650304144_3928644441492946944_n

Roasjappa rundt 50-60-tallet. Ukjent fotograf. Bilde frå Egil Stakston

GUNNAR LIEN: Kari Roen (født 1864) budde i eit lite hus på utsida av riksvegen like bortafor landhandleriet på Lillehove. Kari fekk besøk av både lensmannen og presten. Lensmannen var ute etter ho fordi ho dreiv kafé utan løyve og tillet ulovlege kortspel om pengar. Presten fordi ho var ugift og budde i lag med ein mann. Men god som ho var til å svare for seg, måtte dei båe gå att med uforretta sak.

I det vesle huset sitt dreiv ho kafé som vart kalle Roakaféen eller Roasjappa. Der var det populært for karane å spele kortspelet 101 om kaffi på hoggestabben i vedskålen. To spelarar på kvart lag, og det tapande laget måtte spandere kaffi på laget som vann.  Prisen den gongen var 20 øre for ein kaffikopp med ein smultring, eit stykke kveitekake, to sukkerbitar og ein fløyteskvett oppi kaffien. Sett i høve til dei låge arbeidslønene den gongen gjorde dette eit godt innhogg i økonomien for det tapande laget.

Kari hadde ein kar som heitte Anton buande hjå seg. Anton hadde alltid på seg den same utslitne hatten heile året rundt, og ungane grunda på om han òg hadde denne hatten på seg når han søv om natta.

Til lensmannen svara Kari at ho korkje dreiv kafé eller tillet kortspel i huset sitt. Men karane fekk lov til å kome inn for å verme seg etterpå. Når ho så spanderte kaffi på dei, hende det at dei la att nokre øre, men dette var ikke kafédrift. Presten fekk til svar at Anton var huslaus, og var det ikkje ei kristen plikt å hjelpe sin neste?

Kommentarar frå FB som kan forklare kvifor lensmannen dukka opp:

Trond Widme Historiene som er fortalt, sier at her ble det spilt poker med meget høy innsats på 1940 tallet. Pott på 1500 kr.
Egil Stakston My skilling! iflg. en inflasjonskalkulator på nett, tilsvarer 1500 kroner i 1940 over 44.000 kroner i dag.
Trond Widme Ja mye penger, men historien sier at neste dag var de tapt i nytt pokerspill.
Svein Ringstad Min bestefar, Mads, spilte bort store beløp der, fortalte mor.
kari

Den tradisjonsrike landhandelen på Lillehove låg rett ved sida av riksvegen. I det vesle huset heilt til høgre dreiv Kari Roen ulovleg kafé, kalla Roakaféen eller Roasjappa. Bilde frå Sør-Fronkalenderen, utlånt av Synnøve Rønning.

Redigert utdrag frå artikkelen»Jacob Grønnings barndomsminne» i Fronsbygdin 2016

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Kvinner, Verksemder

One response to “Kari kunne svare for seg

  1. Bjorn Ringstad

    Jeg tilbrakte mine forste 2 aar der foer vi flyttet til Stokkjordet Legg merke til at takrenna ble truffet av en lastebil under Krigen og ble aldri reparert

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s