Ikkje vore på Pettersens kafé? Borkasta kveld

Historia om Vinstras best besøkte kafé

DSC00814PER OTTESEN: Vi hugsar ungdomstida, da ein kveld uten å ha vore på Pettersens kafé var ein bortkasta kveld. Vi blir minna om kva Pettersen har betydd for oss som brukte svært mange av fristundene våre på etterkrigstidas mest besøkte kafé gjennom fleire tiår. Det kunne vi sitte å prate, og etter kvart kom det ein jukeboks der, som forsynte oss med tida nye musikk. Der var det ein som utmerka seg så det vart prata om i bygda. Han var så forelska i «Drømmen om Elin» at han gjerne kom innom fleire gonger om dagen for å nyte songen frå jukeboksen. Og vi gløymer aldri kringla.

DSC00811 (1)Pettersens kafé vart brukt til så mykje. I tillegg til at folk i alle aldrar fann seg godt til rette som kafégjester, var det også songøvingar der i fleire år. Det var også knipekasse med femøringar til stor fryd for oss ungane.

Lenge var Pettersens kafé også ein ynda stopp for langtransportsjåførane. Dei første tok til å ha fast stopp her alt i 1950-51. Mange køyrde då med utrangerte tyske Mercedes lastebilar. Den første som kom innom, var ein kjekk kar frå Møre, som fekk tilnamnet «Møresvarten» etter den prektige og ravnsvarte luggen sin.

Petterens kafé hadde denne trafikken i meir enn 20 år, men mista desse kundane etter kvart, fordi det vart vanskeleg å parkere utanfor kaféen. Men staden var lenge svært populær. Her fekk sjåførane god mottaking og god mat. Det meste gjekk i karbonadesmørbrød, egg og bacon. Dei kjøpte egg av Syfest Skrinde, og frå han fekk dei ofte egg med både to og tre plommer, og dette var populært hjå sjåførane.

Fulle varmmatmåltid satsa Anna Pettersen (1902-1987) aldri på. Men kaker! Kringla var verdsberømt, og smultringar og andre kaker var også i toppklasse. Og så var det billig!

DSC00813 (2)

Anna Pettersen (1902-1987)

Kanskje for billig, for i eit intervju da Anna bestemte seg for å avslutta karrieren som kafévertinne i 1980-81, sa ho at ho aldri kunne ha tenkt å starte med kafédrift ein gong til. Utgiftene var så høge at  det var vanskeleg å drive med overskot. Sjølvbetjening hadde ho ikkje sans for. Særleg eldre folk likte best å få servert kaffien sin ved bordet. Og med sjølvbetjening vart det for liten kontakt med kundane. Ølsal ville ho heller ikkje høyre snakk om. – Viss eg måtte selja øl for å klare meg, ville eg heller stenge dørene for godt, sa ho kontant til intervjuaren.

DSC00812 (1)Å drive kafé er ikkje noko latmannsyrkje. Dagane blir lange, særleg slik som Pettersens kafé vart drive. Tidleg oppe og stenge først kl 23 – kvar dag heile veka! Baking før opninga, og på kinokveldane kunne det vera proppfullt etter forestillingane. Særleg seint kunne det nok bli dei åra langtransportsjåførane hadde sin stopp der. Da kunne det gjerne gå til tolv-halv eitt om natta før dei kunne stengje. Ein må undre seg over når vertskapet fekk tid til å sove.

Anna avslutta kafedrifta i 1981, 78 år gamal, og sonen Halvard og kona hans Ruth overtok da drifta for fullt. Trass i nedgangen fekk dei drifta til å gå rundt lenge, men i januar 2002 stengde dei kaféen for godt.

Redigert utdrag frå artikkelen «Kringle på Pettersens kafé» i Fronsbygdin 2013.

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Kvinner, Verksemder

One response to “Ikkje vore på Pettersens kafé? Borkasta kveld

  1. Knut Berg

    «Pettersen» var ein ynda møteplass for oss hybelbuande gymnasiastar, og for meg er kafeen ein solid krok å henge minneboka frå mine tre år frå 1962 til -65.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s