Eit fredeleg juleønske med minne frå pleieheimen på Lillehove
Eit historisk fredeleg juleønske med minne som Eldrid Listad skreiv frå si tid som styrar på Sør-Fron pleiehjem på Lillehove:
I god tid før jul skulle det slaktast. To store grisar stod feite i fjoset. Slaktar og slaktarkjerringa kom til gards, og store mengder kjøttkaker og innmatkake vart lagt ned på glas og hermetisert. Skinke vart salta på stabburet, og ribbe og andre ting vart plasserte i fryseriet på Lillehove. Les meir