Ein gong levde det folk her

Historia om Eldri og Ola, husmenn i Reire

reire1

Eldri og Ola Reire. Foto: Peter Muriteigen, utlånt til Sør-Fron-kalenderen av Odd Midtlien.

ODD JAN SKRIUBAKKEN: Husmannsplassen Reire låg høgt oppe i Lia, ja, fra Ulberg må ein klatre opp eit berg, så det var vel helst grunnen til namnet. Plassen vart rydda ein gong mot slutten av 1700-talet. I folketeljinga frå 1890 er Ole Andersen husmann. Han og familien kom frå Heidala. Dei arbeidde i Ulberg før dei kom uppi Reire. Det er fortalt at dei budde i ei barhytte trast dei var gifte (i Heidal). Men dei hadde med seg ei ku og ei kvige da dei tok til som husmenn i Reire.

Reire var ein tungdrivi plass, ikkje minst når dei skulle ned på garden for å arbeide. Det var nærmast å klatre den bratte stigen ned eller opp Dokkaberget. Alt måtte berast på ryggen, frå 100-kilos sekker med mjøl, til ei stor seng Ola hadde skaffa seg ein gong.

Ola og Eldri var flinke og sparsommelege folk. Ola «la se upp naugre skjellenge» er det fortalt. Både Ola og Eldri nytta tida godt. Eldri gikk og batt, opp og ned Dokkaberget, eller kor ho nå skulle. Ola gjorde korger av bjørketenning (tenning: tynne kvister som vart kløyvd), river og orv.

Ola togg skrå, men han rulla «busta» inn i ulltråd; slik kunne han ha ho i munnen heile dagen. Da kvelden kom, tørka han det som var att på peishylla og brukte det i pipa dagen etter.

«E æ da itte någå grasnaut», sa Ola, han vart servert grønnsaker første gongen. Både Ola og Eldri var kjappe i replikken. Sist på vart Eldri sengjeliggjande. Ola sat ved bordet og skulle lesa høgt frå Bibelen. Eldri kunne ikkje lesa, det var nok ikkje rart med Ola heller. men han stotra og stava seg fram. Eldri, som var tunghørt, måtte ofte be han lese opp att. Til slutt vart Ola sint, heiv Bibelen borti senga til henne og sa: «Nå kain du te helviti lesa sjøl!»

reire2

Her ligg Reire. Kart etter skisse av Kjell Skriubakken

På byrjinga av 1930-talet flytta Ola og Eldri ned i Lia (Midtlia) åt Britt, dotter si, for å leva dei siste åra der. Dei døde både i 1935. Etter dei har det ikkje budd folk i Reire. Sigurd og Jenny Teigen kjøpte Reire i 1947. Jenny var dotterdotter til Ola og Eldri. Stugu var rivi, men fjosbygningen stod til han ramla ned av seg sjølv. Ripskjørra som i dag veks vilt i dei gamle hustuftene, vitnar om at det ein gong levde folk her.

Redigert utdrag frå artikkelen «Husmannsplassane under Ulberg» i Fronsbygdin 2013

 

 

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kvinner, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s