Historia om Hans Sandbakken, ein av dei siste slitarane

Hans Sandbakken gifta seg med Elen Hage (1899 – 1974) frå Søre Hågå. Dei fekk sønene Paul i 1918 og Kristian i 1924. Da setra til Hågå på Sulsetra vart seld i 1933, tok Elen ho att på odel og flytta dit med sonen Paul. Hans vart buade att på Sandbakken. Fyrst vart setra drive som fjellgard, men snart var det bygd på nokre soverom til turistar. Saman med soen bygde Elen opp den etterkvart så kjende turiststaden Sulseter fjellstugu. Foto: Anton Løkken.
ANTON LØKKEN: Da eg fekk meg fotoapparat i 1982, vart det mange bilete av ungar, gamle folk, hus og landskap. Ungane er nå vaksne, dei gamle borte og landskapet endra. Å sjå att slike bilde kan vera vemodig. Men dei kan minne ein om at også nåtida blir fortid om ikkje så alt for lenge. Ein av dei eg tok mange ljosbilde av, var Hans Sandbakken (1894 – 1975). Da var han nærare 80 år gamal. Han let seg ikkje uroe av knipsinga mi, men dreiv med sitt i det tempoet som passa han. Les meir