Eit handtrykk over lange avstandar

Presten Sverre Hov om den viktige julehelsinga

79933331_10157273115864230_6241356108435292160_n

«Det er mangt eit venskap som har vorte halde oppe ved ei helsing til jul.» Bilde frå Marita Aanekre

SVERRE HOV I FRONSBYGDIN BYGDEBLAD 4 1971: Det er ein vakker og god skikk dette, å sende helsingar og gje livteikn frå seg, sjølv om det ikkje er oftare enn ein eller eit par gonger i året,  so i allfall til jul. Det er mangt eit venskap som har vorte halde oppe ved ei helsing til jul. Det kan vera gamalt venskap, frå barndom eller ungdom. Ei julehelsing kan vera som eit handtrykk over lange avstander og lange tider. Så har dei ikkje gløymt kvarandre!

Sverre Hov var sokneprest i Sør-Fron i åra 1950-1974. Her fortel sonen, Øystein Hov, om korleis det var å vekse opp på prestegarden.

Det er rart med ei helsing. Eit lite kort, eit lite brev eller ei lita gåve, eller i nyare tid: ei radiohelsing, kan skape stor høgtid i stova. Mang ein sjømann har grete over ei helsing, eit lita gåve, frå heimen eller heimlandet julekvelden.

Når folk møter kvarandre denne tida, gje dei kvarandre gjerne handa, og so lyder det fritt og glad: God jul! Gledeleg jul! Det er ei vakker og ljos helsing. Midt i all verdsleggjering, materialisme og avkristning er dei i bruk og i hevd, desse gode ord. Og det kan vi vera glade for. Om dei ofte kan vera nytta tankelaust, er dei likevel meingsfylte. Det ligg ein dåm og ein herlegdom over desse ord.

Og so vil vi minnast den store julehelsinga frå himmelheimen. Det var slik glede og frygd då himmelherane song den store lovsongen at dei kunne høyre det radt ned på jorda. Det er den lovsongen vi kallar gloria:

Ære vere Gud i det høgste
og fred på jorda
og hugnad med menneskje

 

Kommenter innlegget

Filed under Folketru, Kommunikasjon, Kunst og handverk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s