Monthly Archives: desember 2019

Takk for laget i 2019 til vener over heile verda

Nedlegginga av slakteriet på Otta trakk flest lesarar

Skjermbilde 2019-12-31 kl. 12.31.55Gode nyttårsønske frå oss i Fron historielag! Det har vore eit triveleg og aktivt år på denne heimesida. 117 innlegg publisert. 20 fleire enn i fjor. Over 97 000 klikk frå over 50 000 lesarar, litt meir enn i fjor. Siden starten i april 2013 har det til nå vore 777 973 klikk på denne heimesida. Nedlegginga av slakteriet på Otta var den saka som trakk flest lesarar  med historia om Iver Lo og kampen for slakterisamvirket. 3680 las det innlegget. Historia om at Vis-Knut spådde rett nådde høgt opp i år ôg: 1829 lesarar. Nesten 5000 har lese ho sidan ho vart publisert her i januar 2014. På kartet under – som syner kor dei held til, dei som klikkar seg inn på heimesida til Fron historielag – kan ein sjå er det er litt tynt med frøningar i Sentral-Afrika, Midt-Austen og på Grønland, men både Cuba, Saudia-Arabia og Indonesia er med. Takk for laget og vel møtt i 2020!

Skjermbilde 2019-12-31 kl. 12.32.50

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Lokale spelemenn på TV-skjermen i romjula 1978

Dei fleste kjenner nok til det store rekrutteringsarbeidet som  sørfrøningen Anton Amundgård og Arne Risdal frå Skåbu sette i gang på Sør-Fron i 1974. Allereie fire år seinare opptredd juniorspelemannslaget i  programmet Romjulstreff  i fjernsynet. Det er grunn til å tru at samtlege frøningar hadde benka seg da! Det er gjort forsøk på å få tak i programmet, men NRK har det dessverre ikkje i arkivet sitt. Klikk på utklippet for å forstørre det. Nokre år seinare gav juniorspelemannslaget ut ein kassett. Høyr her: https://fronhistorielag.com/2014/12/10/slek-laet-det-pa-fron/

Gudbrandsdølen, 23.12.1978

 

Kommenter innlegget

Filed under Musikk

Jøde, bonde og etterretningsagent

Israel Krupp portrettert i bladet Vi Menn i 1984

vimennforside

Ikkje sjå på dama. Sjå på karen ned til høgre

TOVE CARLSEN I VI MENN nr 27 1984: Israel Krupps liv er eventyret om den lille jødegutten fra Christiania som ble nybrottsmann og storbonde på Hundorp. Om stigeren og gruveeieren som spilte på det norske fotballandslaget. Om motstandsmannen og kureren, dekortert for sin krigsinnsats av dronning Elisabeth II og livsvarig æresmedlem av Royal Airforce Escaping Society. Om hønseri- og fabrikkeieren. Om hesteoppretteren. Han har vært med på det meste. Store deler av hans liv er hemmeligstemplet. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Krig, Menn

Har presten råd for desse uksgærne kvigun?

Magnar Sletten fortel litt frå dyrlegepraksisen sin

dyrlege1

MAGNAR SLETTEN: Eg fekk kjenne kor hard ei kuklauv kan vera, når ein får ho midt i skallen. Eg gjekk rett ned i skantilen og sov godt ei stund, men kom meg opp att og kunne halde fram bortigjennom bygda. Nå vil eg fortelja litt frå dyrlegepraksisen min. Det er så mykje ein kjem borti både av artige og mindre artige episoder i løpet av åra som praktiserande dyrlege på landsbygda. Mest artige, vil eg tru, Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn

Ikkje vore på Pettersens kafé? Borkasta kveld

Historia om Vinstras best besøkte kafé

DSC00814PER OTTESEN: Vi hugsar ungdomstida, da ein kveld uten å ha vore på Pettersens kafé var ein bortkasta kveld. Vi blir minna om kva Pettersen har betydd for oss som brukte svært mange av fristundene våre på etterkrigstidas mest besøkte kafé gjennom fleire tiår. Det kunne vi sitte å prate, og etter kvart kom det ein jukeboks der, som forsynte oss med tida nye musikk. Der var det ein som utmerka seg så det vart prata om i bygda. Han var så forelska i «Drømmen om Elin» at han gjerne kom innom fleire gonger om dagen for å nyte songen frå jukeboksen. Og vi gløymer aldri kringla. Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Kvinner, Verksemder

Ribbe, pølse, heimelaga øl og riskrem

Eit fredeleg juleønske med minne frå pleieheimen på Lillehove

Eit historisk fredeleg juleønske med minne som Eldrid Listad skreiv frå si tid som styrar på Sør-Fron pleiehjem på Lillehove:

I god tid før jul skulle det slaktast. To store grisar stod feite i fjoset. Slaktar og slaktarkjerringa kom til gards, og store mengder kjøttkaker og innmatkake vart lagt ned på glas og hermetisert. Skinke vart salta på stabburet, og ribbe og andre ting vart plasserte i fryseriet på Lillehove. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kvinner

Det er kjærligheten som mangler

Juleglede til Bolla Svensen på kaféen

bollaERLAND VIBGESGAARD I DAGNINGEN 22.12.1980: «Jeg kjenner en dame som kunne trenge en juleglede. Det er Bolla Svendsen, hun som driver Svendsens Kafe på Hundorp. Hun er alltid blid og hyggelig mot sine kunder og har alltid en liten skrøne på lager når man handler. Hun har også tålmod med oss ungdommene som sitter der hver kveld. Og som dere kanskje vet, blir det ofte bråk når det sitter 8-10 ungdommer samlet, men Bolla blir sjelden sint. Hun kan be oss være litt roligere, men hun tar ikke hardt i. Hun kan trenge en juleglede for at hun lar oss undommene få lov til å sitte på Svendsen om kveldene, for det er ingen andre oppholdssteder for oss. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kvinner, Verksemder

Den verdifulle Lofossen

Stabil vannføring til oppgangssager, kvern og strøm

SJF.1994-02060FRA NORSK SKOGMUSEUM: Sag- og møllebruket ved Vinsterfossen i Loholet, i elva Vinstra i Nord-Fron kommune. Fotografiet er tatt fra brua nedenfor  fossen. Loholet er navnet på et trangt gjel, der elva renner mellom steile bergskrenter. I dette gjelet ble det i sin tid bygd en dam av tømmer og stedlige stein- og grusmasser, noe som skapte et fall på ni meter. Dette fallet gav energi til de tekniske installasjonene nedenfor fossen. Her lå Vinstra bruk, med både møllebygning og sagbruk. Da dette fotografiet ble tatt, våren 1950, var det flom i Vinstra, og elva gikk stor over dammen med løstømmer fra skogene ovenfor.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Verksemder

Ein gong levde det folk her

Historia om Eldri og Ola, husmenn i Reire

reire1

Eldri og Ola Reire. Foto: Peter Muriteigen, utlånt til Sør-Fron-kalenderen av Odd Midtlien.

ODD JAN SKRIUBAKKEN: Husmannsplassen Reire låg høgt oppe i Lia, ja, fra Ulberg må ein klatre opp eit berg, så det var vel helst grunnen til namnet. Plassen vart rydda ein gong mot slutten av 1700-talet. I folketeljinga frå 1890 er Ole Andersen husmann. Han og familien kom frå Heidala. Dei arbeidde i Ulberg før dei kom uppi Reire. Det er fortalt at dei budde i ei barhytte trast dei var gifte (i Heidal). Men dei hadde med seg ei ku og ei kvige da dei tok til som husmenn i Reire. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kvinner, Menn

God jul med ein stribukk

Det blir ikkje jul på heimesida til Fron historielag utan Per Tofte og ein stribukk av ein bestefar som mjuknast av barnebarn og høgtid.

Kommenter innlegget

Filed under Folketru