Monthly Archives: november 2019

Kva hende på Rondablikk?

Dølen, UiB og NRK har granska saka

dgnrondablikk

Rondablikk tidleg på 1960-talet

I 2015 kom det over ein million asylsøkarar til Europa. Det merka dei sterkt heilt opp til Rondablikk Høgfjellshotell. Kva hende? Dølen, Universitetet i Bergen og NRK med støtte frå Fritt Ord har funne ut kva som skjedde på Rondablikk under asylkrisa og spør om noko slikt kan hende igjen. Saka ligg ute på nrk.no. og i Dølen.
– Det var heilt sjukt eigentleg, seier tidlegare hotellmedarbeidar Lars Domaas.
Han snakkar om laurdagen i oktober for fire år sidan då den nye eigaren brått dukka opp på hotellet. Rondablikk skulle bli akuttmottak for flyktningar.
Frå og med måndagen etter.
– Vi hadde fullt opp med hotellgjester, seier Domaas. Vi kunne ikkje berre kaste dei ut.
Domaas fortel at gjestene fekk beskjed om å forlate hotellet tidleg søndag føremiddag. Dagen etter byrja dei første asylsøkjarane å komme.

 

Kommenter innlegget

Filed under Verksemder

Ripsen forlot buskene fort

Uten navn-2

DAGNINGEN 3.9.1973: Søsknene Ane, Anna og Anton Kirkestuen og Petter Pettersen fra Hundorp representerer til sammen hele 338 år, eller en gjennomsnittsalder på vel 84 år. Anna, som her står i forgrunnen, er 89 år, Ane er 81 år, mens Anton (t.v.) er 79 år og Petter, som eldstemann i søskenflokken, er 90. Mens Ane og Anna bor i Kirkestuen på Hundorp, har Anton et bruk på Oppdal, mens Petter har hatt kontorjobb i Oslo og fremdeles holder til der. Men i sommer har begge «gutta» vært hjemme og sett om søstrene. Og da ble det også tid til bærplukking ute i hagen. Og alle er de i såpass form at ripsen fort forlot buskene. (Foto: Erik Hagen)
Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kvinner, Menn

Gålå-sprinten retro i 2019!

ski5

Slik blir Gålå-sprinten 2019.

Nei, han blir ikkje det.

Skjermbilde 2019-11-25 kl. 15.21.11

Ser ut til at arrangørane ikkje bryr seg om denne saka frå 1. april. Akk ja:

Rennleiinga har vedteke at Gålå-sprinten 2019 skal vere økologisk retro, for å markere ei haldning mot utstyrshysteri, konsum og usunn idrett. Pål Egil Rønn fortel at det blir påbod om treski med hælbinding, bambusstavar, inga klesplagg i kunststoff og ikkje skismøring utvikla etter 1950. Løypa blir ikkje køyrd opp maskinelt, men tråkka i enkeltspor, slik at løparane må rope «løype» når dei vil forbi. Bjørnar Bakken har vore i kontakt med Vegard Ulvang i det internasjonale skiforbundet, som er positiv til idéen og går inn for at Gålå får arrangere verdscuprenn i retro i mars 2020.

Men hadde nå vore morosamt, da.

 

Éin kommentar

Filed under Idrett

-Glad for at eg har opplevd å vere krigsfange

 Arnfinn Bøe – ein hardhaus utanom det vanlege!

bøe

Arnfinn Bøe. Bilde frå Tove Annethe Bøe (MyHeritage)

Anfinn Bøe (1895-1979) frå Nordgard Bryn i Ruste var ein hardhaus som det framleis går gjetord om. I 1975 laga Oddmar Myrum ein reportasje om han i Gudbrandsdølen. Her kan du lese om utrulege episodar frå arbeidslivet og ikkje minst opplevingar under den andre verdskrigen.  Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Krig, Menn

Hele bygda var jo ufotografert

Historia om fotografen H.H. Lie

Klart for slakting. Foto: H. H. Lie. Tilhører Maihaugens fotoarkiv
Klart for slakting. Foto: H. H. Lie. Tilhører Maihaugens fotoarkiv

HALLVARD LIE: De fem bokstavene H.H.Lie ser vi ofte på gamle kvalitetsfoto. Det hendte at en og annen  kom med sin gamle, utslitte øyk for å få den foreviget med seg før den endelige adskillelse. Det var noe rørende, nesten patetisk ved dette, og jeg tror også far følte det slik. Les meir

4 kommentarar

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn

Den flygende urmakeren

Arne Berge, modellflyguttas store forbilde

fly

Arne Berge, i 500 meters høyde

KHL I UKJENT AVIS 12.3.1960: For unggutter som nytter sin fritid til å drive med modellfly, er urmaker Arne Berge det store forbildet. Det er ikke mange her i dalen som kan så mye om modellfly som den netthendte urmakeren. Når guttene skal ha utført noe ekstra vanskelig arbeid på flyet, eller de står overfor en tilsynelaltende uløselig finesse, tar de turen bort til Berge, og adskillig klokere kan de rusle hjem utpå kvelden. Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Menn, Verksemder

Kyrkja som vart spreidd over alt

Ei lita soge om Listad-kyrkja, som sto på sumpig grunn

listadflom

I 2013, 220 år etter at Listad-kyrkja vart rive og spreidd over fleire bygder, fann flommen den gamle kyrkjegarden og uroa dei som kvilde der. Foto: Tor Tagestad/Dølen

IVAR KLEIVEN: Listad-kyrkja var hovudkyrkje i Fron; ho var ei stavkyrkje som fyrst sto på Listad. Etter det som både Schjøning og Hjorthøy skriv, vart kyrkja seinare flytta noko lenger ned og nærmare almennvegen, og det er rimeleg at denne flyttinga har gått føre seg omkring 1616. Etter eit kyrkjerekneskap frå 1617 blir kyrkja nemnt å vera nybygd. Det står såleis skrivi for rekneskapsåret 1617: Les meir

Éin kommentar

Filed under Folketru, Kunst og handverk

Sulengshaugen – dekormaler av format

På 1860-tallet utførte han store dekorarbeid i hjembygda si

ekskirk

Taket i Sør-Fron kyrkje. Her illuderer Even Knudsen Sulengshaugen et forgylt profilert rammeverk i metall. På dette ser det ut som det hviler store marmorplater. Dekoren er malt med lys- og skyggeeffekt for å gjøre illusjonen fullkommen. Takflaten vi ser, er i virkeligheten helt flat. Foto: Jon Brænne 1985.

JON BRÆNNE: Even Knudsen Sulengshaugen (1822-1898) var en av Norges dyktigste dekorasjonsmalere. Han behersket alle malerteknikker og kunne også kombinere ulike teknikker for å skape helhetlige romdekorasjoner. I Fron har han satt spor etter seg i Sør-Fron kyrkje og på flere gårder. Les om ham i Fronsbygdin 2006. Under bretten finner du noen arbeider han utførte i Fron. Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn

Ingen frøningar på Island?

Skjermbilde 2019-11-01 kl. 21.39.29Dette er oversynet over kvar dei bur, dei som har vore inne på heimesida til Fron historielag i oktober. Ingen på Svalbard, Grønland eller Island. Elles frå heile verda.  Berre litt tynt i Afrika, arabiske land, Monglia og Kazakstan. Artiklane om kvalfangarar og sydamer vart lest mest.

Skjermbilde 2019-11-01 kl. 21.39.15

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon