Monthly Archives: oktober 2019

Traktoren humpa seg fram

Men kvar?

annonsenKva for ei historie er dette: «Traktoren humpa seg fram. Heilt til dei slo hol i botnpanna. Olaf Granslåen var snarrådig. Han fann ei kjele og tok vare på oljen som rann ut. Så skrudde dei av botnpanna, tok bly ut av haglpatronane , gjorde opp varme, smelta blyet, rende det ut i sprekken og tetta lekkasjen. Tømte oljen på att og kom seg vidare.»

Kvar kom dei frå og kva skulle dei? Kom på lanseringa av Fronsbygdin, kjøp boka så får du heile historia.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Frøningar på kvalfangst

«Nå tullar du, Per!» Neida, eg tullar ikkje.»

kvalmennallePER OTTESEN: Det er rart kor fort vi gløymer. Da eg fortalde at eg skulle skrive ein artikkel om alle frøningane som jobba som kvalfangarar og sjøfolk i tida etter krigen, rista dei fleste på hovudet. Nokre lo: «Kvalfangarar og sjøfolk i stort antal frå Fronsbygdene? Nå tullar du, Per!» Neida, eg tullar ikkje. Eg overdriv ikkje heller. Faktum er at frå slutten av 1940-åra og godt ut i 1960-åra var Gudbrandsdalen og ikkje mist Fronskommunane storleverandør av kvalfangarar og sjøfolk. I høve til folketalet var prosentandelen av arbeidstakarar som henta løna si utanfor landet sine grenser, uvanleg høg. Les meir

5 kommentarar

Filed under Biografiar, Jakt og fiske, Menn, Verksemder

Større vingefang enn nokon gong

Vel møtt til lanseringa av Fronsbygdin 2019

gymsalen

Her er det klart for Fronsbygdin 2019 torsdag 24. oktober kl 19.

I år har Fronsbygdin truleg større vingefang enn nokon gong. Frå skihopp til sykebesøk med dans, frå togtur til siste hestetur, frå ei hytte som ligg feil til sjukekassa i Nord-Fron. Alt dette blir lansert på Dale-Gudbrands gard torsdag 24. oktober kl 19. Og det blir ein kulturkveld! Ringebukvartetten speler, Odd Jan Skiubakken fortel om motstandsmannen Hans Skriubakken, Gard Espeland dansar seg gjennom alle artiklane i boka, og Rasmus Stauri leiar lanseringa. Kaffi og biteti blir det ôg.

ringebukvartetten

Ringebukvartetten byr på musikk for nokon og kvar

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Da Ole Brandvold fikk en Hamarbil etter seg

Og Veslebrunen måtte drepes straks

4172797659_4537658a

Hamarbilen kunne vært en pedal-Ford fra 1917. Bilde fra Smaalenenes Avis.

AFTENPOSTEN 22.8. 1919: Forrige søndag kjørte en Hamarbil opover den bratte bygdeveien i Sødorp. Kommet op i høide med skolegaardene, var bilen stanset, og for at den ikke skulde gaa baglængs nedover de bratte bakkerne igjen, havde man skolet under hjulene paa den. Imidlertid var bilen en gammeldags maskine uden selvstarter, og da bilføreren sveivede i vei for at faa startet motoren igjen, røg skolingen unna hjulene, og bilen rutsjede nedover med stor fart. Den arme bilfører stod igjen deroppe og saa bæstet drage sin vei paa egen haand, fortæller «Gudbrandsdølen». Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn