Da kvinnene rådde i Lia

Historia om Hera Fabrikker

hera

Arbeidsstokken på Hera fabrikker

CARL HENRIK GRØNDAHL: I dag er det kanskje vanskeleg å setje seg inn i kva Hera Fabrikker fekk å seie for liv og lagnad, velstand og sjølvtillit i Fron. Industriarbeidsplassar var for mannfolk. Her dukka det opp ei verksemd som trengte kvinnfolk, mange kvinnfolk, over hundre. Den største arbeidsplassen i kommunen. To arbeidsløner i ei hushaldning. Slett ikkje alminneleg i dei første tiåra etter krigen. Dei tilsette måtte ikkje ein gong møte på fabrikken. Dei kunne jobbe heime. Det må vel ôg seiast at ved å hente så mange unge kvinner over så mange år til arbeid i Lia, gjorde Israel Krupp livet meir interessant for gifteferdige ungkarar i Fron.

Eit langt bord. Der sto fem mannfolk. Dei la stoff i tjukke bunkar, henta malen frå veggen, kritta rundt han, skar og klipte i stoffet med maskiner og store, svenske, svarte sakser.

Herailskjaring

Tilskjæringa. Bilde frå Rønnaug Halden.

Klipperiet, var det kalla. Eller tilskjæringa. Så vart alt bore eller trilla inn til ein av dei to sysalane, der kvinnfolk sydde. I kjeder. Plagget gjekk frå maskin til maskin. Kvar hadde sin saum. Kor lang tid det skulle ta å sy denne saumen, vart målt med stoppeklokke. Så fekk du betalt pr. saum. Akkord. I ei bluse kunne det vere t.d. 15-20 ulike saumar. Kanskje var det slik at dei sydde litt saktare når karen med stoppeklokka sto der, og så fort dei kunne når arbeidet var i gong. Dei som sydde raskt, tente meir. Ei ringeklokke varsla tissepause på kommando, dei måtte gjere slikt til same tid, for plagget gjekk bortover i kjeda. I enden sto ein knapphullmaskin, operert av ein mann, og ei kvinne med maskin som sydde i knappar. Til sist ei som kontrollerte og klipte av lause tråder.

Herasysal

Saum i kjede. Foto fra Rønnaug Halden

Når arbeidsdagen var slut, reinska sydamene maskinane med trykkluft og smurde dei, klare til neste dag.

Arbeidsklede vart det til, luer, jakker og pepitaruta bukser til kokkar, klede til kelnarar, stuepiker, sjukeheimpersonale, kjededressar til politifolk, lagerfrakkar i kongeblå bevernylon. Og mykje anna.

herapakk

Pakkeriet. Foto frå Rønnaug Halden

Så var plagget ferdig og sleppt ned frå øvre sysal i ei luke i golvet, ned til strykeriet. Frå nedre sysal vart plagga trilla bort. I strykeriet tredde dei plagget på ei oppblåsbar dokke for å jamne ut saumane eller brukte dampstrykejarn, damppresse til bukser. Var det feil på plagget, ringte ei klokke, dei i systova måtte dra det opp att på ei stong og sjå etter ei nål, som var festa der noko måtte gjerast om att.

Til sist vart plagget lagt saman, tredd i pose og ut på lageret. Hera fabrikker sydde på oppdrag, også for andre konfeksjonsfabrikkar, men hadde to utsal i Oslo. I fabrikkbygninga i Lia var det utsal for folk i bygda. Der kunne dei ôg få stoffrestar til å sy klede sjølve.

Skjermbilde 2019-10-27 kl. 11.41.16

Lillehammer Tilskuer 13.6.1970

Så fylte sydamene ut på eit ark den rubrikken der saumen deira sto, kor mange plagg det hadde vore i bunken. Den strimmelen dei hadde notert på, klipte dei ut og stakk han inn i ei bok. Rekna saman kor mykje dei skulle ha, namn og tilsettnummer. Så måtte han som sat med løn, til å rekne og kontrollere. Med 140 i lønssystemet på det meste var det mykje å rekne på. Men det var nå slik det måtte gjerast den tida. Ikkje alle gjekk på akkord. Tilskjærarane og dei på lageret fekk timeløn. Og nådde ikkje ei sydame opp i akkord, fekk ho grunnløn pr time. På midten av 1970-talet var det kr 5,64 for jenter under 18 år. Dei eldre fekk kr 7,78 timen. Kvar 14. dag gjekk ein kar rundt og delte ut løningspose med kontantar. Først på 70-talet vart løna send direkte til banken, og dei tilsette fekk sjekkhefte.

syavis

«Kjellaug Melgårdshaugen og Halldis Ringstad, begge fra Sør-Fron, som arbeider på Hera-fabrikken. Denne fabrikken produserer forskjellige former for fritids-, sports- og serviceklær og har blant annet produksjonssamarbeid med Øglænd-fabrikkene i Sandnes.» Dagningen 11.12.1968

Signe Træet byrja på fabrikken da ho var rundt 20 år, så gifta ho seg og fekk barn. Da sydde ho heime, fekk ferdig klippa nattskjorter, arbeidsfrakkar, forklede, kokkelue. Ho kunne sy 50 dynetrekk om dagen til 60 øre pr stk  – frykteleg mykje dynetrekk, seier ho. Og dei støva, støva forferdeleg, pakk, som blei til mjøl. Signe Træet skreiv alt inn i ei lita bok:

Levert den 7.3.65: 150 dynetrekk og 300 putevar

Levert den 27.3: 700 putevar
Januar mottatt kr 90 for 150 dynetrekk
28 pannebånd a kr 0.35
40 skjørt a kr 2.55
54 pynteforklær a kr 1.56
300 båtluer a kr 0.50
50 stk kokkeluer  a kr 1.22

Så kom ho attende til fabrikken og fekk melding om at ho skulle ikkje sy dynetrekk meir. «Det kan dei dumme gjere.» Ho vart kjedeleiar og lærde opp nye i opplæringsrommet, der det var ulike maskiner for ulikt slags saumar. Berre det å tre i tråden var ikkje så enkelt.

tøy

Rulla. Dagningen 11.12.1968

Mange søkte jobb på Hera Fabrikker. I 1963 var fabrikken berre halvt utvikla med 60 tilsette kvinner, 15 menn og 50 på heimesøm. «Tallet svinger», sa Israel Krupp til avisa Lillehammer Tilskuer i 1970, «for øyeblikket er det 130 ansatte, men utpå høsten regner vi med at det kan være oppe i 170 – 180 igjen.» Dei kom også langveis frå: Bjugn, Asker, Sel, Vågå, Vang, Nøtterøy, Steinkjer, Bodø. Men dei fleste frå Midtdalen. I 1972 var det 156 tilsette og 58 syersker ute i distriktet. Måtte jentene kunne sy for å få arbeid? Tanken var vel at sy, det kunne alle jenter. Og kunne dei ikkje, lærde dei det raskt. I 1971 var det satt i gang intern opplæring, to vekers kurs med 20 elevar. Sto valet mellom ei byjente og ei frå eit småbruk, var det avgjerande at jenta frå småbruket hadde lært seg å ta i eit tak frå ho var lita.

Dei sit saman på Søheim, Signe Træet, Åse Widme og Marie Nesset Barheim. Dei sydde alle for Israel Krupp i ulike periodar, minnast og fortel historier. Ein ting er dei samde om: – Ikkje skriv noko stygt om Krupp! Nei, det skal du ikkje.

villaen

Israel Krupp i hammocken utanfor direktørvillaen. Foto: Norsk folkemuseum/Johan Brun

Les om Søndre Tofte som eit høvdingsete

Bygdesnakket nådde aldri Israel Krupp (1908 – 1991). Israel fekk ingen seg til å kalle han. Han gjorde det kanskje ikkje sjølv heller. På brevarka hans sto det «Isr. Krupp.» I bygda heitte han berre Krupp. Ingen sa noko vondt om han. Han fekk sydd drakter til fotballag – som fekk dei gratis. Han var ein velgjerar som gjekk rett på sak og kunne ta nokre snarvegar. Ein mann det går gjetord om framleis. Han sette dugelege spor etter seg i Fron. Landslagsspelar i fotball, offiser i hemmelege tenester, gardbrukar, industrimann av jødisk bakgrunn og mykje anna. Han kom frå Oslo. Av ein eller annan grunn lika han seg i Fron. Han kom hit under krigen, nokre hevdar at han møtte dalen første gang da han hoppa ut i fallskjerm. I løpet av dei siste krigsåra fekk han sett opp ein direktørbolig på tomta etter det nedbrende Tofte Høilidshotell.

herabutikkvindu

Hera – butikk i Oslo. Foto frå Rønnaug Halden

I 1939 hadde han tatt over Olaf Gohns skjorte- og linsømfabrikk, som han slo saman med sin eigen Oslo Linsømfabrikk, «specialfabrikk for kjoler, forklær, linsøm, kjeledresser for barn.». I åra etter frigjeringa tok han over Frantz Pedersen efterfølgere – Oro Modeller og Hans J. Bjørstad. Ordførar i Sør-Fron, Egil Hernæs, skal ha vore på han for å få han til å starte produksjon i Sør-Fron ôg. Så i 1950 leigde Israel Krupp to salar på Lia skule «til systue og til sammensetning av støvsugere». Han hadde også systove i avhaldshuset Lidarende. Etter at Hundorp Bruk med produksjon av ferdighus gjekk konkurs i 1949, kjøpte kommunen bygningane og selde dei til ei rekkje nye verksemder. Israel Krupp freista først å få kjøpt verkstadbygninga til Lia Treindustri, men den handelen vart det ikkje noko av. Så reparerte kommunen tørkehuset til Hundorp Bruk på andre sida av vegen, og der etablerte han seg. Arkitektteikningane hans til ombygging av «Tørka» er datert 8. desember 1952. I 1953 skriv arkitekten til byggmeistar Anders Haverstad i Ringebu om utviding av fabrikkbygget. «Krupp mener å bruke sin egen bulldozer til utgravingen, og efter planen skal den være ferdig på fjellet om ca 14 dager.» Det var på den tida han dreiv og rydda jord innpå fjellet ved Lauvåsen.

Han rydda med flammakastarar

I 1955 var teikningane klare til den store sør-fløya og det som vart kalla «Mellembygget», fire etasjar med hovudinngang, resepsjon og sentralbord i første, opplæringsrom i andre, kontor i tredje og kantine i fjerde. «Meget solid, praktisk og smakfull utførelse – en standard som vanskelig kan la seg beskrive i et brev», skriv byggmeistaren. Men framleis er Oslo Linsømfabrikk byggherre. Først i 1957 vart all produksjon overført til Sør-Fron under namnet A/S Hera Fabrikker. Israel Krupp er 49 år gammal.

Her bryt Israel Krupp målsnora på ski

Fabrikkenmbeskr

Hera Fabrikker i Lia – eit travelt bygg

 

Grunnflata i fabrikkbygninga er på 747 kvm. I 1957 var det veveri i første etasje og saumavdeling i andre, i det som hadde vore «Tørka». I den andre fløya var lokala ennå ikkje tatt i bruk. Haverstad kjenner til, skriv han, at det her er «tanken å starte en plastfabrikk eller en annen sterkt strømkrevende» produksjon, fordi Sør-Fron kommune frå 1.1. 1958 ville få ein av dei billegaste straumtariffane i landet. Han hadde altså mange planar, Israel Krupp, men etter det ein veit, vart det aldri noko av plastfabrikken. Saumfabrikken ekspanderte og  flytta inn også i den fløya.

K21

Israel Krupp. Foto frå Rønnaug Halden

Med den godt nedtygde brillestonga i munnviken kunne Israel Krupp vere krass, Om morgonen kom han i sin grøne Mercedes ned Nordre Lia frå Tofte. Han slura med kløtsjen, som måtte skiftast to gongar i året. Steig han småplystrande opp trappa på baksida, visste alle at han var i godlage. Stampa han, lukka dei dørene sine, for da var noko på tverke. Han hadde to kontor, ein pult i ope landskap saman med fabrikksjef Erik Gulbrandsen. Bak ei dør var det fine kontoret med mahogny og eit staseleg glassmåleri. Der var han ikkje ofte. Han fekk servert kruttsterk kaffe, og oppi den rørte han pulverkaffe. Det vart årringar nedover i koppen for kvar slurk han tok. Han dreiv både gardsbruk og nyrydding og mykje anna i tillegg til fabrikken. Strevsamt? «Det blir naturligvis travelt, men på den andre siden virker de to yrkene avkoblende. Man må selvsagt planlegge driften godt, men jeg er ingen skrivebordsmann. Jeg har gode medarbeidere.» Han klaga visstnok aldri, men i september 1958 fekk han store hovudskadar under rypejakt i Jämtland. Han vart klemd mellom ein traktor og ein fjellvegg og send med fly til sjukehus i Østersund.

Vi menn laga reportasje om han i 1984.

Utan tvil var Israel Krupp ein føregangsmann i omtanke for dei tilsette. Det jobba folk på Hera som ikkje gjorde så mykje, og som i dag ville vore plassert på ein verna arbeidsplass. Krupp tok vare på dei. Det var frisør på fabrikken ei tid. «En dyd av nødvendighet,» sa han til avisa VG i 1972, «da disse pikene ellers måtte skofte hele dagen for å komme til sentra hvor det var friserdamer. Nå har vi ordnet det slik at de kan skofte et par timer. De fleste syr på akkord, så de kan jo selv velge om de vil ta det igjen.» I eit rom var det ribbevegg og styrkeapparat, «så nytt at ikke alle piker våger seg innom.» Han hyra inn ein idrettskonsulent, som synte dei kor viktig det var ta hand om rygg og nakke.  Ein fysioterapeut kunne kna vonde nakkar og skuldrer på en massasjebenk. Syersker som vart slitne, fekk jobbe deltid, ei god løysing. Øvst var ei kantine, ikkje så alminneleg den gongen. Mellom spisepausene var det røykjepauser  i trappeoppgangen, ei kjede av gongen, 10 minutter pause kvar dag.

spise

Foto i ukjend avis

Tidleg så han behovet for barnehagar, «da bygda har betydelig arbeidskraft som ikke blir utnyttet, fordi mødrene ikkje har noe sted å plassere barna sine.» Vart jentene gravide, fekk dei barnevagn av fabrikkeigaren. Kari Bay Haugen fortalde at ho åtvara han mot den praksisen. Det kunne vere folk meinte dei fekk noko å prate om.

Men det var andre tider. Ei på sentralbordet fekk barn på fredag. Tysdag var ho på jobb att med ungen.

Israel Krupp ville skape triveleg miljø for dei tilsette, også på fritida. «Jeg tror ikke distriktsutbyggingen kan bli annet enn snakk før vi kan tilby trivelige forhold og sunt miljø for de ansatte også utenom arbeidstiden. Trivsel på arbeidsplassen er ikke nok, det må også være trivsel i fritiden.» Han kravde at dei skulle fagorganisere seg: «Jeg vil ha fred og ro på arbeidsplassen.» Helst ville han at dei skulle kunne bu heime, slike at bustadkommunen kunne få skatteinntektane, og han sto på for å få betre offentleg kommunikasjon i dalen. Men det hjelpte lite. Han måtte sjølv frakte folk både frå Ringebu og Vinstra, fortalde han avisa Dagningen i 1963.

avisetablert

Dagningen 20.4.1963

Så måtte han skaffe hyblar. Han prøvde å leige den tidlegare gamleheimen, kjøpte husvære rundt om i bygda og sa med ein smil at han var nok den som eigde fleste sovesofaer i kommunen. Så, i 1972, sto det ferdig to hybelhus på Lomoen, «med standard som et høyfjellshotell mellom slanke furustammer, smakfulle møbler, moderne kjøkken med kjøleskap, oppholdsrom med fjernsyn, vaskerom og hva man måtte ønske», skreiv avisa Dagningen. To bygg på 399 kvm, 12 hyblar i kvart pluss en leiligheit. Kosta omlag ein million kr, av dei eit husbanklån på 680 000 kr. Med tilsyn av ei husmor. Hadde han hatt pengar nok, ville han sjølv tilsett ein ungdomsarbeidar, sa han, for jentene har ikkje stort anna å ta seg til på kveldane enn å rusle på vegen. Han ville få til ein hyggekveld kvar veke med kåseri og underhaldning. «Vi har tenkt å arrangerer fellesturer til fjells i helgene.» Ein blå Commer buss henta jentene og skyssa dei heim att.

Han har planar om å byggje eit hybelhus til mellom Frya og Ringebu, fortel han avisa Lillehammer Tilskuer i 1972. Så langt kom han aldri. Fire år seinare rakna det.

kmhund

Israel Krupp før produksjonen er komen i gang. Foto frå Rønnaug Halden

Økonomien vart eit problem. «Hera Fabrikker er en meget moderne bedrift», sa Israel Krupp til avisa Lillehammer Tilskuer i 1970. Men verksemda er arbeidsintensiv og lønskostnadane høge. «Vi har forsøkt å rasjonalisere ettersom lønnsøkningene har kommet, og vi har forsøkt å unngå å legge på prisene. Men nå er jeg redd vi må opp også. Konkurransen er hard innen konfeksjonsindustrien i dag», seier han og er ikkje redd for Fellesmarknaden, som EU vart kalla den tida. Det er verre med Finland, som har 40% lågare løner. Ulempen ved å ha fabrikken i Fron? «Når en maskin går i stykker, må vi få folk opp fra Oslo.»

Korleis handterte han problema? Fabrikken skulle som alle andre setje skattetrekk på eigen konto. Nei, sa Israel Krupp, dette er driftskapital, betale råvarar er viktigare, kommunekassa må vente. Med jamne mellomrom kom lensmannsbetjenten på døra for å pante, såg inn på lageret, her var panten, han låste døra, tok med seg nøkkelen, døra var låst til kravet vart innfridd. Gjekk nokså gemyttleg for seg, alt saman.

avis1

Lillehammer Tilskuer 22.12.1973

I 1973 vart Hera Fabrikker attpåtil råka av oljekrisa, ettersom syntetiske stoff inneheld olje og leveransane var usikre. Det vart tale om permittering. Men alt løyste seg. Fabrikken fekk attpåtil ein diger ordre på 125 000 kjeledressar til oljeindustrien og tok inn fleire kvinner til å sy. Men eit anbod fabrikksjef Erik Gulbransen leverte og fekk tilslag på, hadde som føresetnad at Krupp investerte i nytt utstyr. Det gjorde han ikkje og tapte pengar.

Willy Heimstad fekk jobb på Hera fabrikker som 21-åring i 1971 som sentralbordhjelp og lønningsassistent. Etter kvart vart han rekneskap- og kontorsjef og såg drifta frå innsida. Og fortel at han hadde 60 dagar på seg til å betale fakturaer, Israel Krupp. Det gjorde han ikkje. Da kom det først ei lysegul påminning. Den opna han ikkje. Så kom det ei grøn. Den opna han heller ikkje. Etter to månader kom dei ei raud med trussel om inkasso. Den opna han, ringde leverandøren og spurde: «Hva er dette for nått?»  Kvifor hadde han ikkje fått faktura før? Send ein ny. Slik kunne det gå ennå ei veke. Da betalte han. Det gjekk som regel bra, for Hera var ein viktig kunde.

Han selde eigedomane sine på fjellet, også jaktslottet Bjørkåsen.

I 1960 måtte Israel Krupp ha meir kapital. Han brukte kontaktane sine i politikken og selde 10 000 mål av eigedomane sine på fjellet, også jaktslottet Bjørkåsen, som han hadde kjøpt av oljemannen Georg von Krogh i 1950. Fagforbundet Jern&Metall kjøpte, arbeidarar i Moss og Raufoss fekk bygsla jord og bygd seg hytter, og slik vart den største arbeidsplassen i Sør-Fron redda. Men det varte nok ikkje så lenge. I boka om Sparebanken fortel Asbjørn Ringen at i 1969 var det ekstraordinært møte i banken for å handsame problema med Krupp og Hera. Store overtrekk på kontoane. Men banken tok omsyn: «Sør-Fron Sparebank har strukket seg så langt som råd pga de mange ansatte ved herr Krupps bedrifter, det av hensyn til arbeidsplasser, særlig når det gjelder familieforsørgere.»

Han hadde majors grad, Israel Krupp, og var med i svært så hemmeleg etterretning, finansiert av hemmelege postar på statsbudsjettet. Fleire har spekulert på om støtte til næringsverksemd var med på å dekke over denne aktiviteten, og om Israel Krupp fekk litt tilskot til Hera Fabrikker over forsvarsbudsjettet. Ein kan vel trygt seie at dette aldri blir meir enn spekulasjonar.

Kommunen støtta nok opp om verksemda så mykje som råd var. I eit brev frå februar 1957 skriv Israel Krupp om den rimelege kraftprisen han fekk: «Etter gjeldende tariffer i Oslo en fjerdedel av prisen.»

IKstue1

Stova på Tofte

Men så vart han sjuk, fekk hjarteproblem og havna på sjukehus, vart sterkt redusert, og da rakna det. Mykje av drifta støtta seg på kontaktar han hadde. Konkurs.

«Mangelfull bokføring og «one-man-show» fra Krupp», sa bustyraren i skifteretten på Lillehammer i november 1976. Krupp var hovudaksjonær, men hadde ikkje halde generalforsamlingar. Fordringane var på vel to mill kr frå Opplandsbanken og dei to Frons-kommunane. Den 68 år gamle Israel Krupp møtte ikkje i skifteretten av medisinske grunnar.

Korleis tok han det? I 25 år hadde han halde i gang ei stor verksemd i ei lita bygd, skapt velstand rundt seg, brukt si kraft, engasjement, tid og omtanke. Så ender det heile med hjarteinfarkt og skifteretten. Det vi veit, er at han på sine eldre dagar var langt frå nøgd med det Sør-Fron kommune la til rette for han. Ordførar Egil Hernæs «lovte gull og grønne skoger for at jeg skulle flytte virksomhetene mine til Sør-Fron, men jeg så aldri noe til det, og hva hadde vel fattige vesle Sør-Fron å bidra med!» fortel Arne Hernæs at han sukka.

IKmedLilly 6

Israel Krupp. Foto frå Rønnaug Halden

Han vart i alle fall buande på Tofte til 1989. 81 år gammal selde han huset, flytta til Oslo og ga pengane han fekk for direktørbustaden sin, til det mosaiske trusamfunnet. To år etter døydde han.

Kva hende med Hera Fabrikker? Bustyret ville stanse drifta straks etter konkursopninga, men dei to Fronskommunane og fylkeskommunen var på banen med ein gong. Det same var Distriktenes utbyggingsfond. Dermed overtok nystarta Fron Konfeksjonsfabrikk A/S drifta på buet si rekning mot å dekkje lønskostnadane. – Vi merka ikkje så mykje til konkursen, seier dei tre kvinnene på Sørheim. Verksemda var så verdfull at politikarane kunne ikkje la ho gå under. Administrasjonen vart skoren ned, etter kort tid måtte fabrikksjefen Erik Gulbrandsen gå på dagen. Men også det gjekk gale. Ein fredag i 1977 skreiv Willy Heimstad ut ein sjekk for fabrikken. Mandagen etter fekk han melding om at det ikkje var dekning, Hera var konkurs att, og Willy Heimstad vart meld til politiet.

Etter kvart kom det nye eigarar. Willy Heimstad slutta i 1980, etter at Arne Bodd hadde tatt over og kanskje ikkje dreiv med same sans for sosialt ansvar og dei lokale verdiane. Hera fabrikker skifta namn og eigarar fleire gonger: Fron konfeksjon, Fron søm, Gudbrandsdal konfeksjon. 18. oktober 1984 har avisa Dagningen reportasje om «konfeksjonsmiraklet i Sør-Fron». Hundorp Konfeksjon A/S har på det meste 44 tilsette, og «vi forstår at det etter måten står bra til med denne bedriften, som gjennom åra har hatt mange navn og like mange kriser.»

Billig import frå utlandet knekte også konfeksjonsindustrien i Lia. Men dei tre på Sørheim og mange, mange andre, som fekk si første arbeidsrøynsle hos Israel Krupp, sitt att med mange gode minne. Som når han dukka opp i sysalen og slo av lyset for å få oppmerksemd og hadde noko viktig han skulle seie.

 

Kjelder: Signe Træet, Åse Widme, Marie Nesset Barheim, Willy Heimstad, Gard Espeland, Arne Hernæs, arkivmateriale frå Egil Stakston, Ragnar Øvrelid: Historia om Fron, II Asbjørn Ringen: Bank i by og bygd, avisene Dagningen, Lillehammer Tilskuer og VG
Redigert frå artikkel i Fronsbygdin 2019

 

 

 

Kommenter innlegget

Filed under Verksemder

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s