Monthly Archives: september 2019

Kjensler av tonene som har vore spelt

Utstilling med bilete og lyd på Ringebu prestegard

spel

Iver Amundsen Storodden var både gardbrukar, skreddar og namnspurd spelmann. Med utgangspunkt i springleiken og leikane etter han har Rasmus Kjorstad og Kenneth Lien laga ei utstilling med bilete og lyd. Foto: Pål Kluften

70423719_2613441415379599_7370485637410979840_o-1Iver Storodden (1842-1924) frå Sorperoa i Nord-Fron var gardbrukar, skreddar og namnspurd spelemann i si tid, og til dans var springleikane dei gjevaste. Eit nytt utstillingsprosjekt blir presentert i Ringebu prestegard laurdag 28. september. Utstillingsopning  kl 18, konsert kl 19. Med utgangspunkt i springleiken og leikane etter han har Rasmus Kjorstad og Kenneth Lien laga ei utstilling med bilete og lyd. Publikum kan få oppleve atmosfæriske scener frå liv og omgjevnadar i Gudbrandsdalen, med eit fokus på musikken og dansen frå bygdene her. Utstillinga vil formidle kjensler av tonene som har vore spelt i dalen i generasjonar, i tillegg gjev den eit bilete på folk si tilknytting til natur og miljø gjennom tidene. Utstillingen er i hovudsak oljemalerier, der motiva er ein leiken blanding mellom figurasjon og abstraksjon. Utstillinga er ope alle dagar frå 28. september til 13. oktober 11-16. I Fronsbygdin 2017 finn du ein særs interessant artikkel som Rasmus Kjorstad har skrive om Iver Storodden.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn, Musikk

Tur til Røyskattlia sundag 15. september

Sundag den 15. september arrangerer historielaget ny tur til Storvatnet og Røyskattlia. I fjor var Bjørg Haugen og Eldri Brenden med og fortalde om fedrene sine og motstandsgruppa Achilles som heldt til her under den andre verdskrigen. Les meir her: https://fronhistorielag.com/2013/11/22/sverre-brenden-og-kodenamn-achilles/  Buss går frå Sødorptunet kl. 12.00. Det er ca. 1,5 time å gå frå der bussen stoppar. Ta med niste. Overrasking på lur! Vel møtt!

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Med koffert på ryggen

Mathias Kvikstadhagen holdt liv i kramkaryrket

koffert

Mathias Kvikstadhagen med kofferten på ryggen på veg fra et sted etter en god handel.

UKJENT AVIS 1964: Før den siste krigen var det fullt av kramkarer eller kofferthandlere utover bygdene. Den store arbeidsledigheten som da rådde, var årsaken. Mange arbeidsløse tydde til kramkaryrket som siste utvei til å skaffe til veie noen kroner. Men sammen med arbeidsløsheten forsvant også kramkarene. det er en sjeldenhet å få besøk av en nå. Mathias Kvikstadhagen i Sør-Fron holder imidlertid ennå liv i dette yrket, og med kofferten på ryggen vandrer han fortsatt fra hus til hus med varene sine, og en liten handel blir det som regel over alt. Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Menn, Verksemder

-Det innerste i menneskjesjela

Eit godt program frå NRK med Oddvar Nygaard

onnrk

100-årsfesten for Oddvar Nygaard er over, og her er han: -Musikken må gi seg uttrykk frå det innerste i menneskjesjela, ellers blir det berre apekattmusikk, der dei kopierer, seier Oddvar Nygaard i dette programmnet frå NRK, laga av Arvid Møller og Lasse Thorseth. Den gong folk fekk lov til å tenkje og prate på skjermen. Her er det bilde, tonar og ord å kose seg med! (Klikk på bildet, og du kan sjå programmet)

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Menn, Musikk

Merra hogg tak med alle sine krefter

Den gang hest var drivkraft i treskinga

Hestevandring – fotomontasje

EIVIND HOLEN: Hestevandringene bestod av sirkelrunde plattinger som ofte ble muret opp ved låvebrua. Hesten gikk i sirkel og dro et oppvekslings-maskineri som skaffet tilstrekkelig høg rotasjonshastighet på slagvinna i treskeverket. De fleste hestevandringene var fabrikklaget med tannhjulsmaskineri. Det finnes for øvrig deler av ei slik hestevandring på bygdetunet på Vinstra. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk

– Far min var slavedrivar

Leif Melgaard –  ein frøning som ragar høgt i kunsthistoria

Skjermbilde 2019-09-04 kl. 14.12.02

Mange som har studert Leif Melgaard sine arbeid som treskjerar, meiner at han ville vore betre kjend om han hadde vore villig til å selgje meir og ha fleire utstillingar, for han kunne måle seg med det ypparste i europeisk treskjerarkunst. Skreiv New York Times da Leif Melgaard døydde 92 år gamal i 2001. Leif Melgaard vart fødd 1899 i Sør-Fron, son av ein gardbrukar og arbeidde på garden i barndomen. Han vart oppmuntra av ein onkel, ein evnerik treskjerar, og starta treskjeringa i ung alder. Men far hans meinte det var bortkasta tid. «Han var ein slavedrivar, så eg fekk ikkje mykje tid til å skjere», fortalde Melgaard.

Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn

Kjerringa i Harpefossen og dødsdømd Peer

Mest lest i august

Skjermbilde 2019-09-02 kl. 22.26.29

For dei som er interesserte i slikt: her er dei sakene som fekk flest lesarar i august. Arve Skurdals si historie om Harpefoss bru, først publisert her i 2014. Deretter kom Carl Henrik Grøndahls tankar etter Peer Gynt stemnet – skjønar vi eigentleg at Peer går inn i livet med ein dødsdom på seg? Så henta vi fram historia om dei tre gutane frå Flåtå som gjekk over Dovre for å berge livet og nådde 484 lesarar. Nesten like mange las om geoskanninga av Olavshaugen. Anders Haugen og Åshild Vang gav eit godt døme på folk som får hjelp til å finne slekt i Fron: Rustværar som utvandra til Inderøy. 262 las om Oddvard Nygaard og 100-årsfesten.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon