Måndagsæinne tolte ikkje å bli vaska

Litt av ein kvinnelagnad

æinne

Måndagsæinne eller Svartæinne «gjekk å ba se» kvar måndag. Teikning: Kjell Skriubakken

ODD JAN SKRIUBAKKEN: Måndagsæinne kom til Ospesletta i 1890-åra ein gong. Det eigentlege namnet hennar var Anne Hansdotter. Ho var født uppi Kjorstadkroka, i 1865 budde ho hos bror sin i «Nystuen». Anne var ikkje gift, ho måtte livberge seg som best ho kunne. I alle høve etter at ho vart gamal, var dette å tigge. Ho «gjekk å ba se» kvar måndag, slik fekk ho tilnamnet sitt. Anne bar med seg ein liten lerretspose som ho fekk litt mjøl i – og kanskje noko flesk, så ho fekk koke seg kål. Stugu var litor og beksvart. Taket var av smal staur med never og torv på. Det var ljore i taket, rett over grua midt på golvet. Grua var berre ei steinhelle ho gjorde opp bål på.

I den eine veggen var det ei glasrute. Møblane var ikkje mange, berre ein brisk og ein krakk. Av utstyr hadde ho ei litor gryte, ein kaffekjele av blekk, kniv og skei, eit lite fat og ein kaffekopp.

Like svart som stugu var inne og ute, var Anne sjølv. Ho vart da ôg kalla «Svartæinne». Ho var sikkert noko av eit syn der ho kom gåande. Den altfor side stakken var «stytta opp» med eit grovt snøre rundt livet. Ein gong stod ho og skylte understakken sin i vassbrunnen nede ved Ospa, ho hadde ikkje brunn sjølv.

Når e skyle onnstakken min berre ein gong e åré, så må e få lov te å skyle ti brunné

sa ho, da mannen i Ospen kom og lurte på kva i all verda ho gjorde.

Ho kom på gamleheimen til sist. Der vart ho vaska og stelt – og døde berre etter nokre dagar. Ingen hadde høyrt at ho var sjuk. Ho tolte ikkje vaskinga, vart det sagt.

Bestefar fortalde om Måndagsæinne. Ho var så svart at det skein av henne, sa han.

Redigert utdrag frå artikkelen «Husmannsbruk under Uppigard Rolstad» i Fronsbygdin 2016

Frå Erling Skurdal:

Ei anna ei i same reppen som au gjekk og ba seg når det vart innpå med mat, var Kongs-Kari. På same måte som Måndags-Æinne hadde ho lite av jordisk gods og bodde i ei enkel stugu. Men i motsetning til Måndags-Æinne var ho meir nøye med seg sjølv og reinhaldet. Ein som bodde i grenda der, laga eit lite rim om dette:

«Ho Kongs-Kari er så bjart (ljos, rein),
mens ho Måndags-Æinne er så svart.»

Ei lita historie om ho Kongs-Kari. Ho hadde eit par geit, som om vinteren sto bunde i sengestolpen inne. Dei vart godt stelt, og bidro sikkert med eit kjærkome tilskott i kosten. Eit år hadde ho ei geit på fôr gjennom vinteren for døm i Garvarlien. Ein kveld det var lesarmøte der, hadde ho Kongs-Kari møtt opp au. Ånda var stor, og folk knelte på golvé og ba. Da klarte ikkje ho Kongs-Kari å bare seg lenger, lente seg mot eigaren og kviska: «E ska helse deg frå’n Blakke, ho fekk tu pene bokkekillinge i natt.»

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Kvinner

2 responses to “Måndagsæinne tolte ikkje å bli vaska

  1. Erling Skurdal

    Ei anna ei i same reppen som au gjekk og ba seg når det vart innpå med mat, var Kongs-Kari. På same måte som Måndags-Æinne hadde ho lite av jordisk gods og bodde i ei enkel stugu. Men i motsetning til Måndags-Æinne var ho meir nøye med seg sjølv og reinhaldet. Ein som bodde i grenda der laga eit lite rim om dette: «Ho Kongs-Kari er så bjart (ljos, rein), mens ho Måndags-Æinne er så svart.»
    Ei lita historie om ho Kongs-Kari. Ho hadde eit par geit, som om vinteren sto bunde i sengestolpen inne. Dei vart godt stelt, og bidro sikkert med eit kjærkome tilskott i kosten. Eit år hadde ho ei geit på fôr gjennom vinteren for døm i Garvarlien. Ein kveld det var lesarmøte der, hadde ho Kongs-Kari møtt opp au. Ånda var stor, og folk knelte på golvé og ba. Da klarte ikkje ho Kongs-Kari å bare seg lenger, lente seg mot eigaren og kviska: «E ska helse deg frå’n Blakke, ho fekk tu pene bokkekillinge i natt.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s