Peisen var den viktigaste lyskjelda

Dei vonde maktene som trua i mørkret, vart borte med lyset i Fron

336

Ein sensasjon, men gav for mykje lys. Bilde frå Digitalt museum

RAGNAR ØVRELID: Den elektriske krafta avskaffe natta, mørkeredsla og alle dei vonde maktene som trua i mørkret. I 1860-åra tok landhandlarane i Fron til å selje oljelamper. Det var den gongen ein sensasjon, så skarpe i lyset at mange meinte augene ikkje tålte dei. Men det måtte sparast på oljen. I stovekrokane og siderommet og på tunet var det like mørkt framleis, berre ei blafrande fjøslykt kunne kaste nokre få lysglimt mellom husa.

Fyrstikkar kom samtidig med oljelampa. Men begge deler var dyrt. Også etter 1860 var peisen den viktigaste lyskjelda, der elden vart passa på så den ikkje skulle dø ut. Det blir fortalt om sæterjenter som greidde seg med ei øskje fyrstikker heile sommaren igjennom. Peisen var ôg kokestaden for matlaging. Først i 1880-åra vart vedkomfyren av malm vanleg i alle hus. Til gjengjeld vart det da slutt på den naturlege utluftinga som peisen hadde gitt. Husa vart meir usunne, og sjukdomsbakteriane hadde gode forhold.

Nord-Fron var først ute. I 1910 hadde Vinstra Bruk i Loholet bygd kraftstasjon til eiga drift. I 1914 utvida bruket og kunne nå forsyne andre med kraft ôg. I 1923 hadde heile Nord-Fron elektrisk kraft. Det var ikkje mykje på kvar abonnent, mest til lys i fjøs og stove. «Lysverket» var da også namnet på elektrisitetsverket. Men det gjekk også noko til maskinar, trusking osv. Krafta var ikkje særleg stabil og vart ofte borte. Bygdebladet i 1934:

Nord-Fron lysverk drives med store reparasjonsarbeid. Lyset og kraften er borte det meste av døgnets timer. Arbeidet vil vare en måneds tid.

I 1935 skriv ein sint «strømabonnent» i same bladet:

Hvorfor blir det ikke tilstrekkelig bekjendtgjort når strømmen skal slåes av? Telefonoppringninger fra sentralen er ikke nok, for det er ikke alle som har telefon.

I Sør-Fron gjekk det seinare. To små private kraftstasjonar i Fossåa, Svelle og Isum, kom i drift i 1919. I Ulbergåa var det ôg eit lite privat kraftverk. Kommunen fekk i 1920 tilbod om å kjøpe Isum kraftverk, men sa nei takk. Derimot tok kommunen imot tilbod frå Isum om gratis lys over den nye Hundorpbrua i 1925.

Vår bygds utviklingsmuligheter har stanset eller har blitt sterkt redusert ved at vi ikke har fått løst kraftspørsmålet. Av bygdens 3125 innbyggere har i dag bare ca 200 elektrisk lys gjennom tre småanlegg

skriv Sør-Fron kommunestyre i 1931. Ekstra irriterande måtte dette verke, når glødelampene for lengst lyste over heile Nord-Fron. Sør-Fron satsa på Hamar-Vang-Furnes kraftselskap med straum frå Kamsfossen. I løpet av 1934 hadde dei fleste heimane i Sør-Fron stabil elektrisk kraft.

 

Frå Historia om Fron, bind 1

Kommenter innlegget

Filed under Verksemder

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s