Flott sundagstur!

Denne flotte infotavla blei «avduka» under sundagsturen. Frå venstre: Åge Hagestuen, Bjørg Haugen, Eldri Brenden og Egil Myhre.

Det blei ein flott sundagstur til Røyskattlia førre sundag. Vérgudane var snille med oss og sørga for betre vér enn det var spådd. Det einaste vi kunne klage på var oppmøtet. Vi blei berre 13 som tok turen innover Sødorpfjellet. Men hyggeleg og interessant blei det uansett. Egil Myhre og Åge Hagestuen hadde sørga for ei flott infotavle vedrørande aktiviteten her under den andre verdskrigen. Her må det nemnast at Fredrik Weikle ferdigstilte tavla vederlagsfritt. Ein stor takk til både han, Egil og Åge! Det same til Rolf Hage som bussa oss gratis! Eldri Brenden og Bjørg Haugen var med i år også, og dei fortalde om kva slags påkjenningar fedrene (Sverre og Einar Brenden) var utsett for under krigen.

Triveleg rast i Røyskattlia. Her ser ein restar etter inngangen til «Achilles»-kåken.

Bjørg Haugen og Eldri Brenden ved infotavla.

 

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s