Kjensler av tonene som har vore spelt

Utstilling med bilete og lyd på Ringebu prestegard

spel

Iver Amundsen Storodden var både gardbrukar, skreddar og namnspurd spelmann. Med utgangspunkt i springleiken og leikane etter han har Rasmus Kjorstad og Kenneth Lien laga ei utstilling med bilete og lyd. Foto: Pål Kluften

70423719_2613441415379599_7370485637410979840_o-1Iver Storodden (1842-1924) frå Sorperoa i Nord-Fron var gardbrukar, skreddar og namnspurd spelemann i si tid, og til dans var springleikane dei gjevaste. Eit nytt utstillingsprosjekt blir presentert i Ringebu prestegard laurdag 28. september. Utstillingsopning  kl 18, konsert kl 19. Med utgangspunkt i springleiken og leikane etter han har Rasmus Kjorstad og Kenneth Lien laga ei utstilling med bilete og lyd. Publikum kan få oppleve atmosfæriske scener frå liv og omgjevnadar i Gudbrandsdalen, med eit fokus på musikken og dansen frå bygdene her. Utstillinga vil formidle kjensler av tonene som har vore spelt i dalen i generasjonar, i tillegg gjev den eit bilete på folk si tilknytting til natur og miljø gjennom tidene. Utstillingen er i hovudsak oljemalerier, der motiva er ein leiken blanding mellom figurasjon og abstraksjon. Utstillinga er ope alle dagar frå 28. september til 13. oktober 11-16. I Fronsbygdin 2017 finn du ein særs interessant artikkel som Rasmus Kjorstad har skrive om Iver Storodden.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn, Musikk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s